From Wikipedia, the free encyclopedia
Josep Marín i Sospedra (fødd 21. januar 1950) ein spansk tidlegare friidrettsutøvar frå El Prat de Llobregat som vart europameister 1982 i 20 km kappgang under EM i Aten, der han også tok sølv på 50 km, den same medaljevaløren fekk han på 50 km under Friidretts-VM 1983 i Helsinki. I 1987 vann han bronsemedaljen på 20 km ved VM i Roma.
Josep Marín | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 25. januar 1950 (74 år) El Prat de Llobregat |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980 |
Marín høyrde til verdseliten i kappgang over ein periode på 12-15 år. Under europameisterskapen 1982 i Aten gjekk han inn til ein suveren siger på 20 km, over to minuttar framom Jozef Pribilinec frå Tsjekkoslovakia. Allereie tre dagar seinare tok han sølvmedaljen på 50-kilometeren, slått med nær fire minuttar av Reima Salonen frå Finland. Også i verdsmeisterskapen året etter i Helsinki kjempa Marín om medaljane i begge kappgangøvingane. På 20 km enda Marín på fjerdeplassen. Fem dagar etter skilde han og austtyske Ronald Weigel tidleg ut frå resten av feltet på 50 km og begge kom mål over fem minuttar føre bronsemedlajøren. Tevlinga enda med sølv til Marín, 34 sekundar bak Weigel.
I 1987 vann Marín bronsen på 20 km ved verdsmeisterskapen i Roma. Under dei olympiske sommarleikane i Seoul året etter gjekk han inn til fjerdeplass på 20 km og femteplass på 50 km, utan eigenleg å vere nær medalje i korgje øvingane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.