From Wikipedia, the free encyclopedia
Distriktet Levkosía[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.[3]
Levkosía | |||
Επαρχία Λευκωσίας Lefkoşa kazası | |||
distrikt | |||
Land | Kypros | ||
---|---|---|---|
Del av | Kypros | ||
Areal | 2 710,002 km² | ||
Folketal | 326 980 (2011)[1][2] | ||
Distriktet Levkosía 35.161749°N 33.345541°E | |||
Kart som viser plasseringa av distriktet Levkosía på Kypros.
| |||
Wikimedia Commons: Nicosia District | |||
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa, Güzelyurt og frå 2016 Lefke.[4][5] Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.
Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):
Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.[11]
Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros,[12] medan to har innbyggjarar på båe sider.[10][4] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[10]:
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
Desse kommunane har innbyggjarar på båe sider:[10][4]
Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[13] Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[10]
|
|
|
|
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[4]
|
|
|
To busetnader har innbyggjarar på båe sider:[10][4]
Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.