From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei mesopotamiske sumpane eller Dei irakiske sumpane er eit våtmarksområde sør i Irak og delvis inn i det sørvestlege Iran og Kuwait.[1] Historisk bestod myrlandet hovudsakleg av dei fråskilde, men tilstøytande Qurna-, Hawizeh- og Hammarmyrene, og brukte å vere det største våtmarksområdet i det vestlege Eurasia. Det er eit sjeldan akvatisk landskap i ein ørken, og er levestad for sumparabarane og viktige fuglebestandar. I 1950-åra byrja ein å drenere delar av myrområda og dette fortsette inn i 1970-åra for å bruke landområdet til jordbruk og oljeutvinning. Seint i 1980- og tidleg i 1990-åra, under styret til Saddam Hussein, vart dette arbeidet utvida for å drive bort sjiamuslimar frå myrområda. Før 2003 var myrområda redusert til 10 % av den originale storleiken.[2]
Dei mesopotamiske sumpane | |||
våtmarksområde | |||
Sumparabarar | |||
Land | Irak, Iran | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 31°00′N 47°00′E | ||
Dei mesopotamiske sumpane 31°N 47°E | |||
Kart som viser Dei mesopotamiske sumpane.
| |||
Wikimedia Commons: Mesopotamian Marshes | |||
Etter regimet til Hussein fall i 2003, har myrområda dels blitt fylt opp att, men tørke i samband med byggjinga av demninga lenger opp i elvene i Tyrkia, Syria og Iran har hindra myrområda å kome attende slik dei opphavleg var.[3] Sidan 2016 har Dei mesopotamiske sumpane vore på verdsarvlista til UNESCO.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.