Dei sentrale myrene eller Qurnamyrene var eit stort område med våtmark i Irak som brukte å vere ein del av Tigris-Eufrat-systemet, i lag med Hawizeh- og Hammarmyrene. Tidlegare dekte dei eit område på kring 3 000 km², men dei vart nesten fullstendig drenerte etter opprøra i Irak i 1991 og har i nyare år blitt fyllt av vatn att.
Qurnamyrene | |||
våtmarksområde | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Del av | Ahwar of Southern Iraq | ||
Koordinatar | 31°02′24″N 47°01′30″E | ||
Qurnamyrene 31.04°N 47.025°E | |||
Kart som viser Qurnamyrene.
|
Dei sentrale myrene strekte seg frå Nasiriyah, Al-'Uzair (Ezra-grava) og Al-Qurnah og vart hovudsakleg fylt av Tigris og sideelevane hennar (Shatt al-Muminah og Majar al-Kabir). Dei vart drenerte av (den dels kunstige) Nahar al-Aaz-kanalen.
Tidleg i 1980-åra var det klart at kunstig vatning hadde påverka vassnivået i myrene.[1] Tidleg i 1990-åra gjennomførte dei irakiske styresmaktene fleire store dreneringsprosjekt, dels som hemn for hendingane under opprøra i 1991, og for å hindre at området vart nytta som gøymestad for opprørsmilitsen. Tigris vart demd opp slik at vatnet ikkje rann sørover og ut i Nahar al-Aaz-kanalen, og to tredjedelar av Dei sentrale myrene gjekk tapt så tidleg som i 1993.[2] Ein ny kanal vart bygd for å hidre at vatn frå hovudkanalen til Tigris rann sørover frå Qalat Saleh.[3] Innan 2000 hadde kring 90 % av våtmarksområdet forsvunne.
Etter den amerikanske invasjonen av Irak i 2003 vart oppdemmingane øydelagde og myrene vart igjen fylte med vatn. Sidan den tid har noko av en naturlege myrvegetasjonen og dyrelivet vendt attende, men store delar av myrene er framleis øydelagde.[4]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.