myrområde i Irak From Wikipedia, the free encyclopedia
Hawizehmyrene er eit myrområde som ligg på grensa mellom Irak og Iran. Myrområdet får vatn frå to greiner av Tigris (Al-Musharrah og Al-Kahla) i Irak og Karkhehelva i Iran. Hawizehmyra er kritisk for at Qurna- og Hammarmyrene skal overleve. I lag dannar desse Dei mesopotamiske sumpene. Myrområda er tilfluktsstad for dyreartar som kan rekolonoisere eller reproduere seg i andre myrområde. Hawizehmyrene vert drenert av Al-Kassarah. Denne elva spelar ei kritisk rolle i å oppretthalde myrene som eit gjennomstrøymingssystem og hindrar dei frå å bli eit lukka saltvassbasseng.
Hawizehmyrene | |||
våtmarksområde | |||
Land | Irak, Iran | ||
---|---|---|---|
Del av | Ahwar of Southern Iraq | ||
Koordinatar | 31°32′32″N 47°42′24″E | ||
Hawizehmyrene 31.54222222°N 47.70666667°E | |||
Kart som viser Hawizehmyrene.
| |||
Wikimedia Commons: Hawizeh Marshes | |||
Hawizehmyrene har vore busette i meir enn 5 000 år. Dei får vatn frå både Tigris og Eufrat i dagens Irak og Karkhenelva i dagens Iran. Sumparabarar lever her i Irak og hawizehfolket i Iran.[1]
I det sørvestlege Iran og det søraustlege Irak, består Hawizeh- og Hammarmyrene av fleire småbyar. Desse byane i myrområda ligg på begge sider av landegrensa, og det er ikkje noko skilje her mellom dei to landa. Så folk kan flytta sseg mellom Irak og Iran med småbåtar. Byane i myrområda vart bygde på vatn og folk her lever særs enkle liv. Dei har hus bygde av siv utan elektrisitet eller bilar. Folket her livnærer seg av naturen.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.