From Wikipedia, the free encyclopedia
Dalsfjordbrua er ei vegbru over Dalsfjorden i Vestland fylke. Hengebrua har ei lengde på 619 meter, eit spenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge. Ho vart opna 14. desember 2013 og erstatta ferjesambandet Dale-Eikenes.[1] Brua er bygd som ein del av prosjektet Dalsfjordsambandet og inngår i fylkesveg 609. På vestsida går vegen inn i Ottersteintunnelen, medan på austsida av brua går vegen i ein 290 meter lang tunnelarm inn til ei rundkøyring inne i Nishammartunnelen.
Dalsfjordbrua | |||
Type | hengebru | ||
---|---|---|---|
Stad | Fjaler og Askvoll | ||
Opna | 14. desember 2013 | ||
Strekning | Fylkesveg 609 | ||
Lengd | 619 meter | ||
Høgd | 101 m | ||
Største spenn | 523 m | ||
Breidd | 12 meter | ||
Kryssar | Dalsfjorden | ||
Materiale | stål | ||
Utforming | Hengebru | ||
Geo. koor. | 61°22′25″N 005°23′47″E | ||
Dalsfjordbrua 61.37361111°N 5.39638889°E |
Bruplanane stammar frå 1960-åra med eit ynske om å få vegsamband mellom Askvoll og Førde og Dale med veg på nordsida av Dalsfjorden. Mellom anna vart det samla inn 1200 underskrifter til støtte for dette prosjektet i 1962. Seinare vart det avgjort at det skulle byggast bru over Dalsfjorden. I 1975 starta bygginga av vegen frå ferjeleiet på Eikenes og innover fjorden mot Otterstein, der Dalsfjordbrua skulle byggast over til Nishammar på sørsida. Etter at fire kilometer veg og ein tunnel var blitt bygd, vart vegarbeidet stoppa i 1979. Finansieringa til prosjektet vart i 1981 overført til andre prosjekt, og vegprosjektet som til då hadde kosta 13 millionar kroner, endte i fjellveggen. Slik stod den uferdige vegen til arbeidet vart teke opp att i 2010.
Midt på 1990-talet vart bruplanane tekne opp att, og i 2005 gjekk Sogn og Fjordane fylkesting inn for å prioritere Dalsfjordbrua.
I følgje trafikkanalyser var årsdøgntrafikken 45 bilar over ferjeleiet Dale-Eikenes i 2007, og ein venta årsdøgntrafikk (ÅDT) på 750 bilar innan 5 år etter at brua vart opna.[2][3]
I 2018 var ÅDT på 777 bilar - noko meir enn det Statens vegvesen hadde som grunnkalkyle.[4]
I Dalsfjordtunnelen, på nordsida av fjorden nokre kilometer frå Dalsfjordbrua, ligg ein trafikkteljar.[5] All utfart frå sørsida over brua til utfartsparkeringa til Heileberget, Fossedalen og Laukelandsfossen vert ikkje registrert i denne teljaren.
Den teljaren viste i 2019 ÅDT på 822 bilar.[6] Juli 2020 viste teljaren eit snitt på 1034 bilar pr døgn.
Heile prosjektet kosta omkring 1,1 milliardar kroner, der halvparten var til sjølve brua.[7] Til samanlikning kosta ein sykkelveg 1,4 milliardar å byggje.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.