From Wikipedia, the free encyclopedia
Eikenes er ein nedlagd ferjestad på nordsida av Dalsfjorden i Askvoll kommune i Sunnfjord. Frå Eikenes gjekk ferjesambandet Dale-Eikenes til Dale som del av gamle Fylkesveg 609. Fylkesvegen går mellom Dale og Førde om Stongfjorden og sørsida av Førdefjorden.
Det opphavlege kaianlegget vart bygd frå 1930-talet i samband med at ferjedrifta vart sett i gong. Sidan auka trafikken over fjorden, og ny ferjekai med tidshøveleg standard kom på plass i 1962.
På 1970-talet vart det påstarta ein veg frå Eikenes austover langs fjorden mot Otterstein, som del av Dalsfjordsambandet. Stortinget stogga prosjektet i 1981, og det var då bygd 4 km veg som enda i ein fjellvegg. Arbeidet med vegen tok opp att i 2010, og Dalsfjordsambandet opna 14. desember 2013.
Eikenes ferjekai er i dag nytta som småbåthamn. Ferjelemmen er teken bort, men elles er kaia intakt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.