Fylkesveg 609
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fylkesveg 609 (Fv609) går mellom Førde og Dale i Fjaler. Vegen er 75 km lang.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 609 (fleirtyding).
Vegen frå Eikenes og austover mot Otterstein vart bygd på 1970-talet, etter at Stortinget hadde vedteke å bygge bru over Dalsfjorden mellom Otterstein og Nishammar. Vegbygginga stoppa i 1979, og tok ikkje oppatt før 2010 med opning av Dalsfjordsambandet 14. desember 2013. Denne brua erstatta ferjesambandet Dale-Eikenes, som var siste delen av fylkesvegen.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og gamle Fylkesveg 366 i Sogn og Fjordane vart del av Fv609.[1]
Kommunar og knutepunkt
Vestland
Førde
Kvernbergtunnelen (779 m)
- Fv5685 Kyrkjebø → Kråkenesvegen til Kråkenes (7,1 km)
Nordheitunnelen (414 m)
- Trollhaugen
- Arm Bjørkedalsvegen til vegkryss Bruhaugen (640 m)
- → kommunal veg til Fauske (0,6 km)
- → Kommunal veg til Bjørkedalen (2,5 km)
- Arm Bjørkedalsvegen til vegkryss Bruhaugen (640 m)


- Ulveskaret
- Arm Leknesvegen til vegkryss Høgda (640 m)
- → kommunal veg til Kvammen, Leknes, og gamlevegen Brekka - Løvika
- → kommunal veg og gamlevegen til Gjelsvika (2,1 km)
Skorvetunnelen (484 m)
- Fv5665 Skorven → Skorvemarka til Skjerlia
- Vågane → kommunal veg til Stavestranda (2,5 km)
Håkleivtunnelen (140 m)
- Fv5661 Stongfjorden → Stavenesvegen til Holevik (12,7 km)
Lynghogtunnelen (20 m)
Stigabergtunnelen (50 m)
- 608 Ringstad → Askvollvegen til Askvoll og Askvoll ferjekai
- Fv5658 Holmedal → Holmedalsvegen til 608 Straumsbru om Helle (8,0 km)
- Eikenes nedlagd ferjestad
Dalsfjordtunnelen (552 m)
Ottersteintunnelen (1940 m)
Dalsfjordbrua (619 m)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.