From Wikipedia, the free encyclopedia
Cho Oyu (òg Qowowuyag; tibetansk jo-bo-dbu-yag; kinesisk 卓奥友山 Zhuó'àoyǒu Shān) er eit 8 188 m høgt fjell i Himalaya; det sjette høgste på jorda. Fjellet ligg på grensa mellom Nepal og Den autonome regionen Tibet, 20 km vest for Mount Everest og Lhotse, og utgjer den vestlegaste hjørnepillaren i massivet Mahalangur Himal på Himalayas hovudkam.
Cho Oyu | |||
fjell | |||
Sørveggen til Cho Oyu sett frå Gokyo i Nepal | |||
Land | Nepal, Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Himalaya | ||
Fjellkjede | Mahalangur Himal, Himalaya | ||
Høgd | 8 201 moh. | ||
Primærfaktor | 2 340 m | ||
Sekundærfaktor | 29,05 km → Mount Everest | ||
Koordinatar | 28°6′N 86°39′E | ||
Lettast tilkomst | Klatring opp nordvestsida | ||
Førstestiging | Herbert Tichy | ||
- dato | 19. oktober 1954 | ||
Cho Oyu 28.094166666667°N 86.660833333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Cho Oyu | |||
Namnet kjem truleg av dei tibetanske orda chomo («gudinne») og yo («turkis»), og frå den tibetanske sida blir fjellet ofte farga av eit turkis ettermiddagslys. Denne tydinga er rett nok ikkje sikker. Førsteklatraren Herbert Tichy fekk høyre av ein lama i Namche Bazar at namnetydinga var «stort hovud». Heinrich Harrer gjekk ut frå at namnet på fjellet var cho-i-u («gudehovud»); på tidlege kart var namnet fonetisk likt Cho Uyu. Den alternative omsetjinga frå tibetansk «berr/skalla gud» blir støtta av ei legende som seier at den hårlause guden Cho Oyu vendte ryggen til gudinnemora Chomolungma fordi han vegra seg mot å gifte seg med henne.[1]
Det første forsøket på å klatre fjellet blei gjort i 1952 av ein engelsk ekspedisjon leia av Eric Shipton som var i området for å forebu set for Mount Everest året etter. Edmund Hillary og George Lowe måtte avbryte forsøket på grunn av tekniske problem og rasfare under ein sérac over 6 650 m. I tillegg gjorde ein rapport om kinesiske troppar rett over grensa at Shipton valde å trekke seg tilbake i staden for å forsøke på nytt.[2]
Edmund Hillary fann i 1952 ut at fjellet kunne klatrast over nordvestsida, og 19. oktober 1954 lukkast ein austerriksk ekspedisjon leia av Herbert Tichy å nå toppen over denne ruta. I tillegg til leiaren var Joseph Jöchler og sherpaen Pasang Dawa Lama på topp-punktet. Cho Oyu var det femte fjellet på over 8000 meter som vart klatra, etter Annapurna I i juni 1950, Mount Everest i mai 1953, Nanga Parbat i juli 1953 og K2 i juli 1954.
Cho Oyu er er med 2783 personar på toppen (per 2010) den mest klatra 8000-meteren etter Mount Everest.[3] Grunnen er at normalruta høyrer til dei klatreteknisk enklaste rutene til ein topp over 8000 meter. Med eitt dødsfall pr 65 vellukka toppforsøk[3] har Cho Oyu den lågaste risiko av alle 8000 meterstoppane.
4. mai 1993 blei Eirik Tryti den første nordmannen som klatra toppen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.