Charles-François Gounod (17. juni 1818–18. oktober 1893) var ein fransk komponist frå romantikken. Han er best kjend for sin «Ave Maria» og operaene Faust og Roméo et Juliette.
Charles Gounod | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 17. juni 1818 Paris |
Død |
18. oktober 1893 (75 år) |
Yrke | klassisk komponist, musikkforskar, musikkpedagog, organist, komponist |
Språk | fransk |
Medlem av | Académie des beaux-arts |
Far | François-Louis Gounod |
Ektefelle | Anna Zimmerman |
Charles Gounod på Commons |
Biografi
Gounod vart fødd i Paris, mora var pianist og faren teknisk teiknar. Mora var hans første pianolærar, og det var for henne at han først synte fram sitt musikalske talent. Han byrja på Paris Conservatoire der han studerte under Fromental Halévy.
Han vann Prix de Rome i 1839 for kantaten Ferdinand.
Gounod reiste sidan til Italia for å studere musikken til Palestrina. Han fokuserte på den religiøse musikken frå det 16. århundret.
Gounod vende til slutt tilbake til Paris og komponerte Messe Solennelle, òg kjend som Saint Cecilia Mass. Dette verket vart først framført i London i løpet av 1851, og var starten på karrieren hans som ein viktig komponist.
Han skreiv to symfoniar i 1855. Symfoni nummer 1 i D-dur var inspirasjon for Georges Bizet sin Symfoni nummer 1 i C (Bizet var då 17 år gamal og Gounod sin student), komponert seinare same år. Symfoniane til Gounod blir sjeldan framført. Éi av få innspelingar er ein CD av Sir Neville Mariner med Academy of St. Martin-in-the-Fields for Philips Records.
Gounod skreiv sin første opera, Sapho, i 1851, men hadde ingen stor suksess på dette området før Faust (1859), som var basert på skodespelet til Goethe. Dette er i dag hans best kjende verk. Det romantiske og melodiøse verket Roméo et Juliette (basert på Shakespeare sitt skodespel), som hadde premiere i 1867, blir også framført og innspelt jamleg. Operaen Mireille frå 1864 er mykje omtykt av kjennarar.
Frå 1870 til 1875 budde Gounod i England. Han vart den første dirigenten av det som i dag er Royal Choral Society. Mykje av Gounod frå denne tida er prega av vokal eller kor.
Seinare gjekk Gounod attende til dei tidlege religiøse impulsane, og skreiv mykje religiøs musikk, som til dømes «Ave Maria» basert på det første preludiet frå Das Wohltemperierte Klavier (BWV 846) av J.S. Bach og «Hymnus Pontificius», nasjonalsongen til Vatikanstaten.
Han døydde i 1893 i Saint-Cloud i Frankrike. Då var han i ferd med å gjere ferdig rekviemet Le Grand Requiem, inspirert av bortgangen til sonesonen.
Komposisjonar
Operaer
- Sapho (1851, revidert 1884)
- La nonne sanglante (1854)
- Le médecin malgré lui (1858)
- Faust (1859, revidert 1869)
- Philémon et Baucis (1860, revidert 1876)
- La colombe (1860)
- La reine de Saba (1862)
- Mireille (1864)
- Roméo et Juliette (1867, revidert 1888)
- Cinq-Mars (1877)
- Polyeucte (1878)
- Le tribut de Zamora (1881)
- Maître Pierre (ikkje komplett, 1877-8)
- Le damnation de Faust
Oratorium
- Tobie (ca. 1866)
- Gallia (1871)
- Jésus sur le lac de Tibériade (1878)
- La rédemption (1882)
- Christus factus est (1883)
- Mors et Vita (1884)
- Requiem (1893)
Symfoniar
- Symfoni nummer 1 i D-dur (1855)
- Symfoni nummer 2 i Eb-dur (1855)
- Symfoni nummer 3 i B-dur (
Kammermusikk
- Strykekvartett i A-moll
- Strykekvartett nummer 1 i C-moll "Le petit quatuor"
- Strykekvartett nummer 2 i A-dur
- Strykekvartett nummer 3 i F-dur
- Petite Symphonie for Winds (Symfoni nummer 3 i B-dur)
Instrumental
- «Marche Pontificale» komponert for Pave Pius IX sitt sølvjubileum som prest i 1869. Sidan 24. desember 1949 ofissiell nasjonalsong.
- «Funeral March of a Marionette» (1872), velkjend som musikken til TV-serien Alfred Hitchcock Presents og The Alfred Hitchcock Hour.[1]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Charles Gounod» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Sadie, S. (ed.) (1980) The New Grove Dictionary of Music & Musicians, [vol. # 7].
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.