Caatinga
økoregion av halvtørr tropisk vegetasjon i det nordaustlege Brasil. / From Wikipedia, the free encyclopedia
Caatinga (portugisisk uttale: [kaɐˈtʃĩɡɐ]) er ein økoregion prega av halvtørr tropisk vegetasjon i det indre, nordaustlege Brasil. Nemninga «caatinga» er eit tupi-ord som betyr «kvit skog» eller «kvit vegetasjon» (caa = skog, vegetasjon, tinga = kvit). Caatingaen er ein busk- og tornskog som hovudsakleg består av små trevekstar med torn som feller blada sine sesongmessig. Kaktus, tjukkstilka plantar, tornebuskar og tørre tilpassa grasartar utgjer basisvegetasjonen. Dei fleste vegetasjonar opplever eit kort utbrot av aktivitet i løpet av den tre månader lange regntida. I vest finst ei overgangssone mot cerrado savannar og i søraust ligg restar av atlanterhavsskogen.
Caatinga fell heilt innanfor jorda si tropiske sone og er ein av 6 store økoregionar i Brasil. Han dekkjer meir enn 900 000 km²,[note 1] over ein tidel av territoriet i landet. Folkesetnaden i regionen er rundt 29 millionar menneske og i regionen finst totalt meir enn 4000 artar av blomstrande plantar, fisk, krypdyr, amfibium, fuglar og pattedyr.[1]
Caatinga er det einaste utelukkande brasilianske biomet, noko som betyr at ein stor del av den biologiske arven her ikkje kan finnast nokon annan stad på jorda.