Halvørken
From Wikipedia, the free encyclopedia
Halvørken viser til landområde prega av tørke, lite nedbør og svært sparsam vegetasjon. Ein reknar med at halvørkenområde har ei årleg nedbørsmengd på under 250 mm.[1] Det finst likevel inga tydeleg grense mellom busksteppe, halvørken og eigenleg ørken.[2]
Halvørkenar er biomar som liknar ørken. Ein finn dei til dømes i delar av sørvestlege USA og nordvestlege Mexico, der vegetasjonen er dominert av kaktus og andre sukkulentar. Halvørkenar finst vidare i indre Australia, områda nord og aust for Kaspihavet og i dei sørlege og nordlege utkantane av Sahara.