Brandenburg an der Havel
by i Brandenburg From Wikipedia, the free encyclopedia
Brandenburg an der Havel er ein by i Tyskland og i delstaten Brandenburg med om lag 75 000 innbyggjarar. Han ligg ved breidda til elva Havel.
Brandenburg an der Havel | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Brandenburg Ingen Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
228,80 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
73 783 322/km² |
Koordinatar | 52°25′0″N 12°33′0″E |
Høgd over havet | 32 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 14770-14778 |
Telefon-retningsnummer | 03381 |
Bilnummer | BRB |
Heimeside: www.stadt-brandenburg.de |
Sjølv om byen Brandenburg er mindre kjend enn delstaten gav han namn til det gamle bispedømet Brandenburg, markgrevskapet Brandenburg og den noverande delstaten. I dag er han ein by i nærleiken av Berlin, men ein gong var han opphavet til riket Brandenburg og Preussen.
Historie
Slottet i Brandenburg, som haddde vore ei festning for den slaviske stamma Stodoranie kalla Brenna, vart erobra i 929 av Kong Henrik I av Sachsen. Byen vart berre verande tysk til 983, då slavarane tok han tilbake. Dei neste 170 åra styrte dei slaviske prinsane av Hevellesstamma området. Den siste av dei, Pribislav, døydde i 1150. Etter dette slo Albert I seg ned her og var den første markgreven av Brandenburg. Byen heldt seg på den vestlege breidda av Havel fram til 1196, då han strekte seg over på austsida. Dei to bydelane vart rekna som to forskjellige byar i fleire hundreår (Gamle og Nye Brandenburg).
I 1314 vart dei to byane medlem av Hansaen. Trettiårskrigen gjekk hardt utover byen med plyndring og øydelegging og han mista mykje makt. Potsdam vart den nye hovudstaden og hoffet reiste frå byen Brandenburg. I 1715 vart dei to halvdelane av byen slått saman til ein enkelt by.
Konsentrasjonsleiren Zuchthaus Brandenburg låg i Görden, ein forstad til Brandenburg i åra Nazi-Tyskland varte.
Etter Berlinmuren fall ned minka folketalet frå over 100 000 i 1989 til om lag 75 000 i 2005 på grunn av fråflytting. Det er stort sett unge folk som har flytta frå byen, så framtida til byen er usikker.
Bakgrunnsstoff
- Domkyrkja i Brandenburg Arkivert 2006-07-21 ved Wayback Machine.
- Bykart Arkivert 2006-09-08 ved Wayback Machine.
- Informasjon om sentrum av Brandenburg Arkivert 2006-05-27 ved Wayback Machine.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.