From Wikipedia, the free encyclopedia
Havel er ei elv i Tyskland og ei av dei store sideelvane til Elbe frå høgre med ei lengd på 325 km. Elva renn gjennom Mecklenburg-Vorpommern, Brandenburg, Berlin og Sachsen-Anhalt, og via Oder-Havel-kanalen knyter ho Oder til Berlin og Elbe.
Ho har utspring i Mecklenburg-Vorpommern mellom innsjøen Müritz og byen Neubrandenburg. Elva renn inn i Brandenburg nær Fürstenberg. I den øvre delen av elva og mellom Berlin og byen Brandenburg dannar elva fleire innsjøar. Den største sideelva hennar er Spree som renn ut i Havel i Spandau, ein vestleg bydel i Berlin, og fører med seg meir vatn enn Havel sjølv gjer. Den nest største sideelva er Rhin, som munnar ut i Havel i to greiner som er eit stykke frå kvarandre. Området rundt og nord for dei sentrale delane av Havel vert kalla Havelland. Det består av åsar av sand og lågt myrland. Dei siste kilometrane av Havel ligg i Sachsen-Anhalt og ho munnar ut i Elbe nær Havelberg.
I tidlegare tider levde slavarane kalla havolane rundt elva Havel. Dei bygde fire viktige bruer, i Spandau, i Potsdam, i Brandenburg og i dei vestlege forstadane til denne byen.
Av byar langs elva finn ein Zehdenick, Oranienburg, Berlin, Potsdam, Werder, Brandenburg, Premnitz, Rathenow og Havelberg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.