![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/44/Bouvet_island_0.jpg/640px-Bouvet_island_0.jpg&w=640&q=50)
Bouvetøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bouvetøya (fransk Île Bouvet, tidlegare Liverpool Island) er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggjande øya i verda. Øya har eit areal på 49 km², og av dette er 93 % av isbrear. Midten av øya er eit isfylt krater av ein inaktiv vulkan. Langs kysten ligg nokre skjer og ei øy, Larsøya. Nyrøysa, som vart danna av eit jordras seint i 1950-åra, er den einaste enkle staden å gå i land. Norsk Polarinstitutt har hatt ein automatisk vêrstasjon i drift her sidan 1977.
Bouvetøya | |||
øy | |||
Bouvetøya sett i 1898. | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Atlanteren | ||
- koordinatar | 54°26′S 3°24′E | ||
Høgaste punkt | Olavstoppen | ||
• høgd | 780 moh. | ||
Lengd | 9,5 km | ||
Areal | 49 km² | ||
• Isdekt | 45,5 km² | ||
Folketal | Ingen | ||
Kravd | 1. desember 1927 | ||
• Annektert | 23. januar 1928 | ||
• Norsk biland | 27. februar 1930[1] | ||
• Naturreservat | 17. desember 1971[2] | ||
Leiar | Harald V | ||
• Administrasjon | Polaravdelinga til Justisdepartementet | ||
![]() Bouvetøya 54.42°S 3.36°E / -54.42; 3.36 | |||
Wikimedia Commons: Bouvet Island | |||
Øya vart fyrst oppdaga 1. januar 1739 av Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier, som øya seinare vart kalla opp etter. Han skreiv ned unøyaktige koordinatar, og øya vart ikkje observert på nytt før James Lindsay namngav ho Lindsay Island i 1808. Benjamin Morrell hevda å ha vore i land på øya, som fyrste person, men dette er omstridd. Øya vart gjort krav på for Den britiske krona av George Norris i 1825, som namngav ho Liverpool Island. Han såg òg ei fantomøy i nærleiken som han kalla Thompson Island. Den fyrste «Norvegia»-ekspedisjonen gjekk i land på øya i 1927 og gjorde krav på øya for Noreg. Britane protesterte, men øya vart erklært eit norsk biland i 1930. Øya vart eit naturreservat i 1971.
Ettersom ein reknar Antarktis som områda sør for 60°S høyrer Bouvetøya ikkje til denne verdsdelen, men Subantarktis og kanskje Afrika, som ligg litt under 2000 km lenger nord. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja ho og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring.