Blåbær
From Wikipedia, the free encyclopedia
Blåbær (Vaccinium myrtillus) er små (gjerne 5 mm i diameter), blåsvarte bær som veks eitt og eitt på blåbærlyng. Dei har raudblått fruktkjøt.[1]
Blåbærlyng veks vilt i delar av Europa og Asia. Ein litt annan type blåbær veks på litt større buskar og kan dyrkast i hagar eller kommersielt. Desse blir kalla amerikansk blåbær eller hageblåbær. Det er desse bæra som vanlegvis blir selde som blåbær i butikkar.[1] Desse bæra har kvitleg fruktkjøt.
Bæra blir modne relativt tidleg på hausten. Dei er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og dei var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidlegare tider.[1]
Dei inneheld C-vitamin, E-vitamin og folat, og i tillegg garvestoff, fruktsyrer, flavonar, karotin, jarn og magnesium. Blåbær inneheld også mykje kostfiber.[1]
I folkemedisinen er bæra kjente for å verke stoppande ved magesjuke, og dei skulle òg ha effekt på diabetes. Sjølv om samanhengen enno er uklår, tyder nyare undersøkingar på at blåbær er svært gode for synet.