![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/31/Berries_%2528USDA_ARS%2529.jpg/640px-Berries_%2528USDA_ARS%2529.jpg&w=640&q=50)
Bær
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bær er i daglegtale små frukter som veks på tre, buskar eller småplantar. I botanikken er bær ei frukt med frø som ein kjerne inni og fruktkjøt rundt.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/31/Berries_%28USDA_ARS%29.jpg/640px-Berries_%28USDA_ARS%29.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/45/Alaska_wild_berries.jpg/640px-Alaska_wild_berries.jpg)
Bær er ein spreiingsmetode for planter. Dei vert nytta som mat for dyr medan plantene nyttar bæra for å spreie seg. Når ein fugl et eit bær, vil han ikkje klare å fordøye frøa, og dei vil bli sleppte ut heile saman med avføringa. Sidan fuglar flyg over lange avstandar, er dette ein effektiv metode for å spreie seg over eit vidt område.
Fruktene me reknar som bær i matlaging er anten søte eller syrlege på smak. Dei kan etast ubehandla eller brukast til å laga saft, syltetøy eller dessertar.