Ben Nevis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ben Nevis (skotsk-gælisk Beinn Nibheis) er det høgste fjellet i Storbritannia og Skottland. Det ligg i den vestlege enden av Grampianfjella i Lochaber-området i Skottland, nær byen Fort William.
Ben Nevis | |||
Beinn Nibheis | |||
fjell | |||
Ben Nevis sett frå Banavie. Toppen ligg bakanfor og til venstre for det som ser ut til å vere det høgste punktet. | |||
Land | Storbritannia, Skottland | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Grampianfjella | ||
Høgd | 1 344 moh. | ||
Primærfaktor | 1 344 m | ||
Koordinatar | 56°47′49.150″N 5°0′17.222″W | ||
Lettast tilkomst | til fots | ||
Førstestiging | James Robertson | ||
- dato | 17. august 1771 | ||
Ben Nevis 56.796891°N 5.003675°W / 56.796891; -5.003675 | |||
Wikimedia Commons: Ben Nevis | |||
Som mange andre fjell i Skottland, er det for den lokale folkesetnaden og turistar best kjent som berre The Ben.[1][2] Det har om lag 100 000 besøkjande kvart år,[3] og rundt tre fjerdedelar av dei[4] nyttar den velhaldne hestestigen frå Glen Nevis på sørsida av fjellet. For fjell- og alpinklatrarar er det dei 700 m høge klippene på nordsida som er tiltrekkjande. Desse er elles nokre av dei høgste klippene i Storbritannia, og har vore mykje brukt til klatring både med og utan tau i ulike vanskegradar, og er ein av dei viktigaste stadene i Storbritannia for isklatring. Denne sida av fjellet er dekt av snø til langt på året.
På toppen (1 344 meter over havet) finn ein ruinane av eit observatorium, som var permanent bemanna frå 1883 til 1904. Dei meteorologiske dataa som vart samla inn i denne perioden er framleis viktige for å forstå vêret i dei skotske fjella. C.T.R. Wilson vart inspirert til å finne opp skykammeret etter å ha arbeidd i observatioriet ein periode.