From Wikipedia, the free encyclopedia
Barend Graat (21. september 1628–4. november 1709)[1] var ein biletkunstnar under den nederlandske gullalderen. Han måla, teikna og trykka landskap, historiske bilde, altarbilde og portrett.
Barend Graat | |
Posthum gravering av Matthijs Pool etter eit sjølvportrett av Barend Graat. | |
Statsborgarskap | Nederland |
Fødd | 21. september 1628 Amsterdam |
Død |
4. november 1709 (81 år) |
Yrke | kunstmålar, designar, biletkunstnar |
Barend Graat på Commons |
Barend Graat blei døypt i Nieuwe Kerk i Amsterdam.[2] Ifølgje Arnold Houbraken lærte Graat å måla av onkelen sin, Hans eller Hand Bodt.[3]
I 1660 gifta han seg med ei ung enkje. Han hadde førebudd ei reise til Italia, men bestemte seg for å ikkje utføra henne. I 1664 kjøpte han ei tomt og bygde eit hus ved Leidsegracht.[4] I 1668 og 1670 hadde han to døtrer døypte i ei schuilkerk (løynd kyrkje).[5][6]
Graat hadde band til den katolske diktaren og dramatikaren Jan Vos.[7]
I 1672 var han ein av fleire målarar som studerte og autentiserte ei samling måleri seld av Gerrit Uylenburgh. I femten år dreiv han ein skule i huset sitt..[8]
Graat blei 81 år gammal. Nevøen hans Matthijs Pool gifta seg med ei av Graat sine døtrer i 1708. Han graverte teikningar som Graat hadde gjort av elfenbeinskulpturar utført av Francis de Bossuit, og gav desse ut i 1727.[1]
Graat signerte verka sine B. Graat fecit.[9] Han fekk opplæring i landskaps- og dyremåleri, men merka seg seinare ut med sjangermåleri, historiske måleri og portrett av familiane til rike handelsfolk frå Amsterdam.[3] Han reiste aldri til Italia, men blei likevel dyktig til å laga små italienske landskap og sjangermåleri i stilen til Pieter van Laer.[9]
Han var aktiv som dekorativ målar, og laga grisaille-måleri og stykke over kaminen for leiande familiar i Amsterdam. Mange av dei er bevarte til i dag.[1]
Amsterdams Historisch Museum har ein Allegori av omsorg måla av Graat i samlinga si, etter eit emblem av Cesare Ripa.[10]