Mai–4. august: Trettiårskrigen. Stralsund blei kringsett av keisarhæren under Albrecht von Wallenstein.
Danske og svenske forsterkingar gjorde at byen klarte å halda ut. Då kong Kristian IV av Danmark-Noreg kom med ein ny hær måtte Wallenstein heva beleiringa.
10. august: Det svenske skipet «Vasa» sokk i Stockholm hamn under jomfruturen sin.
7.-8. september: Åttiårskrigen. I slaget i Matanzas-bukta vann den nederlandske admiralen Piet Hein 16 spanske saktteskip med ein verdi på over 11 millionar gylden, nok til å betala for heile den nederlandske hæren i åtte månader.
28. oktober: Den over eitt år lange omleiringa av La Rochelle enda då hugenottane i byen overgav seg.