From Wikipedia, the free encyclopedia
Aryabhata (476–550) var ein kjend indisk astronom og matematikar.[1] I ein alder av 23 år publiserte Aryabhata ei astronomisk avhandling om 118 sanskritvers, for å oppsummere dei vediske matematikkunskapane på den tida.[2] Aryabhatiya, som publikasjonen vart kalla vart ein av dei fremste prestasjonane i matematikkhistoria med omfattande konsekvensar både i aust og vest. Tidlege arabiske forskarar som studerte Aryabhata kalla han Ardshabahr.
Aryabhata | |||
| |||
Fødd | आर्यभट 476 Pataliputra | ||
---|---|---|---|
Død | 550 Pataliputra | ||
Område | astronomi, matematikk | ||
Yrke | astronom, matematikar, astrolog |
Aryabhatiya inneheld ein teori, der jorda krinsar rundt sin eigen akse og han avgjorde korrekte den aksielle rotasjonen til jorda.[2] Kanskje inspirert av Yajnavalkya la han òg fram ein heliosentrisk gravitasjonsteori, nesten 1 000 år før Kopernikus. Aryabhata slutta seg til planetbanane var elliptiske og kom med ei gyldig forklaring på sol- og måneformørkingar.[3] Teorien hans om relativ rørsle antedaterte Einstein sin med 1 400 år.
Studiet til Arybhata i algebra og trigonometri, som la grunnlaget for derivasjon og integrasjon, påverka europeiske matematikarar 1 000 år seinare, då tekstene hans vart omsett til europeiske språk frå dei arabiske omsetjingane frå 700-talet av sanskritoriginalen. Han rekna ut verdien av pi til 3,1416,[1] men han gjorde òg feilaktige utrekningar av tetraeder og volumet til ei kule.[2] Aryabhata si framstillng av å få ut kvadratrota og kubikkrota føreset at ein nyttar dagens talsystem.[2]
Den næraste som kom til å følgje spora til Aryabhata var Brahmagupta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.