franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Ardèche (oksitansk Ardecha) er eit departementet sør i sentrale området av Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.
Ardèche | |
---|---|
Våpenskjoldet til Ardèche | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 07 |
Region: | Rhône-Alpes |
Préfecture: | Privas |
Sous-préfectures: | Largentière Tournon-sur-Rhône |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 33 |
Kommunar: | 339 |
Président du conseil général: | Pascal Terrasse |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 76. |
-1999 | 286 023 |
Folketettleik: | 52/km² |
Landareal¹: | 5 529 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Ardèche er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Gjennom 1800-talet gjennomgjekk departemenet ein moderat økonomisk vekst. Folketalet auka frå 273 000 i 1793 til 388 000 i 1861. Silkeormindustrien blømde fram til 1855 då sjukdom påverka ormane og konkurransen med Kina førte til økonomiske tap. Ved Privas dreiv ein gruvedrift etter jernmalm, men dette vart raskt utvunne. Som følgje av dette vart seks masomnanlegg oppretta, men dei gjekk forholdsvis dårleg, og det siste vart lagt ned ved Pouzain i 1929.
Departementet, som består av den gamle provinsen Vivarais, er omringa av dei franske departementa Drôme, Vaucluse, Gard, Lozère, Haute-Loire og Isère. Departementet er prega av store konstrastar. Dei lågaste områda der Ardèche munnar ut i Rhône ligg berre 40 meter over havet, medan Mont Mézenc strekkjer seg 1 754 meter over havet.
Det er fem naturlege område i Ardèche.
Innbyggjarane i departementet vert kalla Ardéchois. I 1990 fekk Ardèche igjen same innbyggjartal som dei hadde hatt 50 år tidlegare. I dag er folketalet 286 000 (samanlikna med 390 000 i 1860). Trass i denne auken er det mange som flyttar frå distrikta, og folketalet i departementet endrar seg i dag lite.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.