1834 (romartal MDCCCXXXIV) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske kalenderen.
1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
Utlandet
- 1. januar: Dei tyske statane oppheva tollgrensene seg imellom.
- 1. april: John Heathcoat bygde og testa ein dampdriven damptraktor med beltedrift, i Lancashire, for pløyng med to vinsjdregne plogar.[1]
- 18. mars : Seks landbruksarbeidarar frå Dorset i England, «The Tolpuddle Martyrs», blei dømde til ein straffekoloni for å ha danna ei fagforening.
- 14. juni: Isaac Fischer Jr. tok patent på sandpapir.
- 16. juli: Viscount William Lamb avløyste jarl Charles Grey som britisk statsminister.
- 24. juli: «Dei liberale krigane» i Portugal tok slutt.
- 1. august: Slavehald blei forbode i det britiske imperiet.
- 14. august: Poor Law Amendment Act, eit tillegg til den engelske fattigloven, sa at ingen arbeidsføre menn kunne få hjelp dersom dei ikkje gjekk inn i ein arbeidsanstalt.
- 15. august: Ein ny britisk lov opna for kolonisering av det sørlege Australia.
- Louis Braille ferdiggjorde sitt skriftsystem for blinde.
- Den spanske inkvisisjonen, som hadde verka sidan 1200-talet, blei nedlagt.
- Det britiske austindiakompaniet mista monopolet på handel med Kina.
- Den sjette kaffir-krigen: Alvorlege samanstøyt mellom kvite nybyggjarar og bantufolk i Kappkolonien.
Noreg
- Aass Bryggeri vart grunnlagd i Drammen
Fødde
- Sjå òg Fødde i 1834.
- 1. januar: Lorentz Dietrichson, norsk kunsthistorikar
- 7. februar: Dmitrij Mendelejev, russisk kjemikar og opphavsmann til periodetabellen
- 16. februar: Ernst Haeckel, tysk biolog og filosof
- 17. mars: Gottlieb Daimler, tysk ingeniør og industrimann
- 24. mars: William Morris, britisk formgjevar og forfattar
- 2. april: Frédéric Bartholdi, skulptør
- 14. juli: Emil Stang, norsk høgsterettsadvokat, politikar og statsminister
- James McNeill Whistler, britisk-amerikansk målar og grafikar
- 19. juli: Edgar Degas, fransk målar
- 31. august: Amilcare Ponchielli, italiensk komponist
- 10. oktober: Aleksis Kivi, finsk forfattar
- 14. oktober: Knut Dale, norsk spelemann
- 25. desember: Anders Askevold, norsk målar
Døde
- Sjå òg Døde i 1834.
- 12. februar: Friedrich Schleiermacher, tysk teolog
- 20. mai: Joseph Lafayette, fransk hærførar
- 25. juli: Samuel Taylor Coleridge, britisk filosof og forfattar
- 2. september: Thomas Telford, skotsk ingeniør
- 9. september: James Weddell, britisk sjøfarar
- 24. september: Pedro I av Brasil, abdisert keisar
- 23. desember: Thomas Malthus, britisk økonom og filosof
Referansar
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.