![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/45/Oeresund_Bridge.jpg/640px-Oeresund_Bridge.jpg&w=640&q=50)
Øresundbrua
From Wikipedia, the free encyclopedia
Øresundbrua er ei bru i eit motorveg- og jarnbanesamband som kryssar Øresund mellom Danmark og Sverige, og bind saman områda rundt København i Danmark og Malmö i Sverige. Sambandet er sett saman av ei lang høgbru og ein undervasstunnel. Det går undersjøiske senketunnellar for motorvegen og den dobbeltspora jarnbanen frå ei kunstig oppbygd halvøy ut frå øya Amager i Danmark og fram til ei kunstig øy i Øresund, Peberholm, der tunnelane kjem opp i dagen. Herfrå går jarnbanen opp på det undre av dei to nivåa på Øresundbrua, medan motorvegen går opp på det øvre nivået. Denne brua er den lengste kombinerte veg- og jarnbanebrua i Europa, og den lengste i verda som kryssar landegrenser. Ho er både konstruert, bygd og eigd som eit privat føretak.[1] Det er Øresund jarnbanelinje og den internasjonale vegen, europavegen E20, som går gjennom tunellen og over brua.
Øresundsbron | |||
![]() | |||
Type | vei- og jernbanebro, skråkabelbru, to etasjes bro, internasjonal bru, Bro med flere nivåer | ||
---|---|---|---|
Stad | København – Malmö Danmark – Sverige | ||
Opna | 2. juli 2000 | ||
Strekning | E20 – 4 felt | ||
Lengd | 7 845 meter | ||
Høgd | 204 meter | ||
Største spenn | 490 m | ||
Breidd | 23,5 m | ||
Kryssar | Øresund | ||
Materiale | stål, armert betong | ||
Utforming | Skråstagsbru og undervasstunnel | ||
Transporterer | Biltrafikk Jarnbanetog | ||
Arkitekt | Dissing+Weitling | ||
Trafikk | Om lag 17 000 bilar | ||
![]() Øresundbrua 55.576444444444°N 12.821638888889°E / 55.576444444444; 12.821638888889 |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/98/Oresund.jpg/320px-Oresund.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fa/Oresund.ASTER.20040410.jpg/320px-Oresund.ASTER.20040410.jpg)