Jarnbanetog
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit jarnbanetog, jernbanetog eller berre tog, er etter gjengs meining to eller fleire vogner som er bygde for å køyre samansett i rekke på ein jarnbane for å kunne transportere ei stor mengd personar eller varer samstundes. I jarnbanefagleg samanheng treng ikkje eit tog vere meir enn eit lokomotiv eller liknande ute på lina.
I persontog kan vognene anten vere motorlause og verte trekte av eit lokomotiv fremst i togsettet, der føraren sit, eller dei kan vere bygde som sett av sitjevogner med eigen motor og med førarplass i kvar ende, såkalla motorvogner eller motorvognsett. Vognene i godstog er enkle konstruksjonar som alltid vert trekte av lokomotiv. Det er bremsar på alle hjula i eit tog.
I Noreg eig Jernbaneverket infrastrukturen, det vil seie skjenegangen, stasjonar og anna som høyrer med til dette, medan private, halvstatlege eller statlege selskap (som til dømes NSB) eig og driv toga.