![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e7/Russian_schooner_Zarya%252C_1910.jpg/640px-Russian_schooner_Zarya%252C_1910.jpg&w=640&q=50)
«Zarja»
russisk forskningsskip / From Wikipedia, the free encyclopedia
Zarja (russisk Заря, tyder «Soloppgangen») var ein brigg med segl og dampmotor som vart nytta av Det russiske vitskapsakademiet til ekspedisjonar i Arktis i 1900-1903.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e7/Russian_schooner_Zarya%2C_1910.jpg/320px-Russian_schooner_Zarya%2C_1910.jpg)
Mot slutten av 1800-talet ønskte akademiet å byggje eit forskingsfartøy for langvarige ekspedisjonar. Det første, og i fleire tiår det einaste, skipet var «Zarja». I 1899 klargjorde baron Eduard Toll ei ny polferd og kjøpte ein norsk tremasta bark kalla «Harald Hårfagre» for 60 000 rublar. Toll fekk råd frå Fridtjof Nansen om å nytte eit liknande skip som «Fram». Skipet hadde ein deplasement på 450 tonn og draft på 5 meter.
Skipet fekk namnet «Zarja» og vart sendt til skipsverftet til Colin Archer i Larvik for å byggast om for å takle dei tøffe istilhøva. I oktober 1899 vart skipet sertifisert av norske styresmakter for ein tre år lang ekspedisjon til Arktis.