Eduard Toll
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eduard Gustav von Toll[lower-alpha 1] (2. mars 1858–1902) var ein russisk baron, geolog og polforskar. Han vart fødd i 1858 i Reval (i dag Tallinn i Estland) og døydde i 1902 ein ukjend stad i Nordishavet. Han vert ofte berre kalla Baron Von Toll eller Eduard V. Toll og høyrte til ein adelsfamilie av baltisk-tysk opphav. Han var gift med baronesse Emmy von Toll.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Eduard Toll | |||
| |||
Fødd | 2. mars 1858 Tallinn | ||
---|---|---|---|
Død | 1902 Aust-Sibir-havet | ||
Nasjonalitet | Det russiske imperiet | ||
Område | naturvitenskap, zoologi, paleontologi, geologi, Polarforsking, polarforskning | ||
Yrke | oppdagar, paleontolog, zoolog, geolog, naturvitar, polfarer, Cartographic author | ||
Alma mater | Det keiserlige universitet i Dorpat |
Lukk
Toll utdanna seg ved Universitetet i Dorpat (Tartu) som zoolog i 1882. Alt medan han var student reiste han til Middelhavet for å studere dyre- og planteliv og geologi i Algerie og Balearane.