Zagreb
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zagreb er hovudstaden og den største byen i Kroatia. Zagreb er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i Kroatia, og husar mellom anna Parlamentet, presidenten og regjeringa i landet. Adminstrativt er Zagreb ein eigen kommune, Grad Zagreb («Byen Zagreb»), men er administrativt styrt på same nivå som fylka. I 2021 hadde kommunen Zagreb eit innbyggjartal på 767 131, medan sjølve byen hadde 663 592 innbyggjarar.[1]
Zagreb ligg mellom sørsida av fjellet Medvednica og nordsida av elva Sava i ei høgd 120 meter over havet. Byen ligg plassert i den sørvestlege delen av Den pannoniske sletta, som strekkjer seg mellom Alpane, Dei dinariske Alpane og Adriahavet, og er derfor eit strategisk knytepunkt for trafikk mellom Sentral-Europa og Adriahavet.
Transportknutepunktet, industrien, og dei vitskaplege institusjonane gjer byen til det største økonomiske senteret i Kroatia.
Byen vart grunnlagd på 1000-talet, og er i dag eit eige fylke. Zagreb vart aldri ein del av Det osmanske riket, som mykje av nærliggande områda var. Derfor er ikkje gamle bygningar øydelagde, som i mange andre byar i det tidlegare Jugoslavia. Zagreb er ein fleirreligiøs by med romersk-katolsk erkebiskop, gresk-ortodoks erkebiskop, protestantisk biskop, ein storrabbin og ein muslimsk mufti.
Zagreb har ein internasjonal flyplass.
Remove ads
Attraksjonar
Det finst mange sjåverdige stader i Zagreb, som til dømes Gornji Grad (sjå nedanfor), Zagreb katedral, Jelacictorget, Tomislavtorget, Strossmayerovtorget, Det kroatiske nasjonalteateret og Mimaramuseet.
Gornji Grad
Gamlebyen i Zagreb heiter «Gornji Grad» (Øvrebyen) og inneheld mange gamle bygningar, som Sankt Marks kyrkje, parlamenta, Steinporten og Lotrščak-tårnet, der ein kvar dag klokka tolv avfyrer ein kanonsalutt.
Remove ads
Administrativ inndeling
Zagreb ein eigen kommune, men er administrativt styrt på same nivå som fylka.[2][3] Hovudstaden er så delt inn i ei rekkje distrikt (gradska četvrt, «bydistrikt») med visse lokalstyrte oppgåver, fastlagd i Statuttar for byen Zagreb av 1. april 2001.[4]
Dei mest sentrale av dei 17 distrikta omfattar berre ein del av sjølve byområdet, medan nokre av dei omkringliggjande distrikta òg omfattar ein eller fleire forstader eller busetnader.
Dei største busetnadene i kommunen Zagreb er:
Remove ads
Galleri
- Ban Jelačić torg i sentrum.
- Det kroatiske nasjonalteateret i Zagreb.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads