From Wikipedia, the free encyclopedia
Yarelys Barrios Castañeda (fødd 12. juli 1983) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Pinar del Rio. Ho vann sølvmedaljen i diskoskasting både under VM 2007 og 2009, og sidan bronsen i øvinga ved VM 2011, Sommar-OL 2012 og VM 2013.
Yarelys Barrios | |
Statsborgarskap | Cuba |
Fødd | 12. juli 1983 (41 år) Pinar del Río |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008 |
Barrios sette personleg rekord med 63,90 m i VM-finalen 2007, eit kast som sikra henne bronseplassen på sigerspallen, men som året etter vart omgjort til sølvmedalje då den opphavlege sølvmedaljøren vart diska for å ha tukla med dopingprøvene. Sjølv vart Barrios under Sommar-OL 2008 tildelt sølvmedaljen, for så, åtte år seinare, få annullert medaljen etter ein ny test av prøvematerialet frå den gongen.
I 2009 kasta Barrios 65,31 m i VM-finalen i i Berlin og tok sølv, 13 cm kortare enn vinnaren, Dani Samuels frå Australia. Barrios avslutta sesongen med å vinne IAAF-finalen med eit bestekast på 65,86 m. Både i 2010 og i 2011 gjekk ho til topps i diskoskastinga i DL-serien (Diamond League). Hausten 2011 gjorde ho årsbeste med 65,73 m under VM i Daegu og tok bronsen. Også i London-OL 2012 og Moskva-VM 2013 la Barrios beslag på bronseplassen.
Barrios sin personlege rekord lyder på 68,03 meter og vart oppnådd i Habana 22. mars 2012.
Den 1. september 2016 vedtok Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) å annullere Barrios sine prestasjonar under Sommar-OL 2008 i Beijing, etter at ein retest viste spor av det forbodne stoffet acetazolamide.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.