norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Wenche Foss (Eva Wenche Steenfeldt Stang) (fødd 5. desember 1917 i Kristiania, død 28. mars 2011 i Oslo) var ein norsk skodespelar, ofte karakterisert som etterkrigstidas store diva i norsk teater.
Wenche Foss | |
Wenche Foss i 1959 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. desember 1917 Christiania |
Død | |
Yrke | skodespelar, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar, plateartist, stemmeskodespelar |
Språk | norsk, engelsk |
Religion | kristendom |
Far | Christian August Steenfeldt-Foss |
Ektefelle | Thomas Stang, Alf Scott-Hansen |
Wenche Foss på Commons |
Foss debuterte i 1935 på Søilen Teater i Vilhelm Dybwads operette Taterblod. Ho markerte seg tidleg som operette- og lystskodespelar på fleire av Oslo sine scener. Hennar største operetterolle var som Hanna Glawari i Den glade enke i 1948. Det blei Centralteateret sin største suksess. Ho kom til Nationaltheateret første gong i 1952 og var der i 15 år. Etter ein periode på Oslo Nye Teater frå 1967 til 1978, avslutta ho karrieren sin som fast tilsett skodespelar, på Nationaltheateret frå 1978. Ho spelte 55 roller.
Ho byrja tidleg å spele inn film. I 1940 debuterte ho i Tørres Snørtevold og ho blei også kjend for rolla si i En herre med bart i 1942.
Dei seinare filmane hennar omfattar mellom anna hovudrolla i Gull og grønne skoger, ein kortfilm og svart komedie i Harald Zwarts regi, om einebuerska som vert forrykt i møte med media.
Etter at Wenche Foss i 1953 fekk ein gut med Down syndrom, har ho gjort ein stor innsats for å opne folk sine auge for utviklingshemma sine kår.
Ho har også vore open om forhold ved si eiga helse, slik som at ho i 1971 overlevde brystkreft.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.