Wells-next-the-Sea
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Wells-next-the-Sea, lokalt kjent berre som Wells, er ein hamneby og eit verdsleg sokn i Norfolk i England.
Wells-next-the-Sea | ||
---|---|---|
Kaia frå dika | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Norfolk | |
Distrikt | North Norfolk | |
Grunnlagd | ||
Geografi | ||
Flatevidd - By |
16,31 km² | |
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
2 451 150,3 /km² | |
Koordinatar | 52°57′N 0°51′E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NR23 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1328 | |
Namnet kjem frå dei mange naturlege kjeldene (spring wells) som fanst i området; berre nokre få av desse eksisterer enno. På byrjinga av 1800-talet la ein til next-the-Sea for å skilje byen frå andre stader kalla Wells. Etter at jarnbana kom i 1857 vart det teke i bruk ei kortare form av namnet, Wells-on-Sea, men i 1956 vedtok byrådet å ta tilbake den eldre, lange forma.[1]
Byen ligg berre omkring halvannan kilometer frå Nordsjøen, og mykje av arealet er sjøområde som er fylla att. Det har vore ei travel hamn der i lang tid, og etter at jarnbana kom vart byen òg eit populært feriestad. Det går ein smalspora jarnbane delar av vegen ut til stranda, langs den halvannan kilometer lange vollen som vernar bilen mot kreftene til havet. Det er tett skog heilt ned til stranda. Den gamle hamna ligg no ved ein ferskvassjø kjent som Abrahams Bosom, som blir brukt til vassport.
Austom stranda ligg eit anna strandområde med skog heilt ned til sjøen. Det er mogleg å gå dit ved lågvatn, men dette er særs farleg på grunn av den raske vekslinga mellom høg- og lågvatn i området, og dei understraumane dette medfører.
Wells ligg omkring 24 km austom Hunstanton, 32 km vest for Cromer og 16 km nord for Fakenham. Blant landsbyar i nærleiken finn ein Blakeney, Burnham Market, Burnham Thorpe (fødestaden til Horatio Nelson), Holkham (med herregarden Holkham Hall) og Walsingham (ein viktig pilegrimsstad i mellomalderen).
Det var tidlegare jernbanesamband via to linjer, men begge er nedlagt. Linja mot King's Lynn vart aldri gjenopna etter omfattande skadar under Nordsjøflaumen i 1953, medan linja til Norwich vart lagt ned under nedskjeringane i 1960-åra.
I 1880 skjedde ein katastrofe utanfor Wells, då elleve av dei tretten i mannskapet på redningsbåten omkom. Dei etterlét seg ti enker og 27 farlause born. Det står eit minnesmerke ved den gamle redningsstasjonen, som no er hamnekontor.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.