Wayuu, òg kalla goajiro (wayuu: 'wayuunaiki'), er eit språk blir snakka av 321 000 innbyggarar av wayuu-folk i nordvestre Venezuela og nordaustlege Colombia på Guajira-halvøya.
Wayuu Wayuunaiki | ||
Klassifisering | Arawakspråk Nordleg Ta-Arawak | |
Talarar | Wayuufolk | |
Bruk | ||
Tala i | Venezuela, Colombia | |
Wayuutalande i alt | 320 000 | |
Skriftsystem | Latinsk skrift | |
Normert av | Centro Etnoeducativo Kamusuchiwo’u | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | guc | |
Glottolog | wayu1243 | |
|
Wayuu er eit av dei store arawakspråka. Dei to hovuddialektane er wüinpümüin og wopumüin, talt høvesvis nordaust og sørvest på halvøya. Desse dialektane er gjensidig forståelege ettersom dei er minimalt ulike. Dei fleste av dei yngre generasjonane av wayuu-folket snakkar flytande spansk i tillegg til wayuu, og då i størst grad i dei sørlege områda på halvøya. Det utdøydde guanebucan-språket kan faktisk ha vore ein dialekt av wayuu.
For å fremme tospråkleg utdanning blant wayuu-folk og andre colombianarar, kom Kamusuchiwo'u Ethno-pedagogisk senter eller Centro Etnoeducativo Kamusuchiwo'u opp for å skape den første illustrerte wayuunaiki-spansk, spansk-wayuunaiki ordboka.[1]
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.