Remove ads
britisk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Virginia Woolf (25. januar 1882–28. mars 1941) var ein engelsk forfattar, litterturkritikar og feministisk tenkjar. Ho var med i Bloomsbury-gruppa i London i mellomkrigstida. Ho er kjent som ein modernistisk forfattar som brukte verkemiddel som indre monolog, medvitsstraum og ukronologisk framstilling. Som feministisk tenkjar er ho særleg kjend for utsegna si om at for å skriva treng ei kvinne «pengar og eit eige rom».
Virginia Woolf | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 25. januar 1882 Hyde Park Gate, London |
Død | |
Yrke | romanforfattar, essayist, sjølvbiograf, novelleforfattar, dagbokskrivar, litteraturkritikar, forleggjar, skribent, kvinnesaksforkjemper, forfattar |
Språk | engelsk |
Religion | ateisme |
Far | Leslie Stephen |
Mor | Julia Stephen |
Ektefelle | Leonard Woolf |
Partnar | Vita Sackville-West |
Virginia Woolf på Commons |
Virginia Woolf heitte opphavleg Adeline Virginia Stephen og blei fødd i London. Foreldra var Leslie Stephen, ein kjend forfattar og fjellklatrar, og indiskfødde Julia Prinsep Stephen, som hadde vore modell for prerafaelittiske målarar som Edward Burne-Jones. Begge foreldra hennar var enkjefolk og hadde barn frå sine tidlegare ekteskap. Julia hadde tre eldre barn, George, Stella og Gerald Duckworth, medan Leslie hadde ei dotter, Laura Makepeace Stephen, som var rekna som mentalt tilbakeståande og budde med familien til ho flytta på institusjon i 1891. Saman fekk dei to fire barn: Vanessa (1879), Thoby (1880), Virginia (1882) og Adrian (1883). Familien budde i 22 Hyde Park Gate i Kensington i London.
Då Virginia var 13 døydde med eitt mora, og to år seinare døydde også søstera Stella. Etter dette fekk Virginia det første av fleire nervesamanbrot. Ho klarte likevel ta ei utdanning og studerte fag som gresk, latin, tysk og historie ved King’s College London sitt «Ladies’ Department» mellom 1897 og 1901. Gjennom dette kom ho også i kontakt med kvinnesaksforkjemparar som Clara Pater, George Warr og Lilian Faithful.
I 1904 døydde også faren, og Virginia fekk eit så sterkt samanbrot at ho måtte bu på institusjon ei stund. Seinare biografar har også sett dei depressive episodane hennar i samanheng med seksuelt misbruk ho og systera Vanessa skal ha blitt utsett for av dei eldre halvbrørne sine.[1] Woolf leid av stemningslidingar heile resten av livet, men klarte som regel arbeida gjennom dei.
Etter faren sin død og Virginia sin andre depresjon kjøpte søskena Adrian og Vanessa huset 46 Gordon Square i Bloomsbury. Her kom dei med i Bloomsbury-gruppa, ei fritenkjande samling kunstnarar og intellektuelle med moderne syn på feminisme, pasifisme og seksualitet. Gruppa blei kjend då ei gruppe leia av Horace de Vere Cole i 1910 framstilte seg som abyssinske fyrstar og fekk ei omvising på marineskipet HMS «Dreadnought».
Vanessa gifta seg med Clive Bell i 1907, og paret si interesse for avantgardekunst fekk stor innverknad på Virginia si utvikling som forfattar. I 1912 gifta Virginia seg med Leonard Woolf. Ekteparet hadde eit sterkt band, men i tråd med gruppa si frie haldning til seksuallivet hadde Virginia også eit tilhøve til Vita Sackville-West store delar av 1920-åra, og skreiv romanen Orlando for henne.
Virginia Woolf gav ut skjønnlitteratur og sakprosa som var godt likt av både kritikar og vanlege lesarar. Mykje av arbeidet gav ho ut sjølv på Hogarth Press som ho og ektemannen dreiv. Ho og ektemannen, som var jøde, tala mot den veksande fascismen i Europa på 1930-talet.
I 1941, etter å ha gjort ferdig manuskriptet til sin siste roman, merka Woolf ein byrjande depresjon. Hendingar som andre verdskrigen, øydelegginga av huset hennar i London under Blitzen og den dårlege mottakinga av biografien hennar om den avdøde vennen Roger Fry gjorde alle tilstanden verre, og ho blei ute av stand til å arbeida.
I mars det året enda ho livet sitt ved å gå ut i ei elv med frakkelommane fulle av stein. Leonard Woolf grov oska hennar ned under eit almetre ved huset deira i Rodmell i Sussex.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.