From Wikipedia, the free encyclopedia
Blitzen (engelsk the Blitz) var den vedvarande tyske flybombinga av Storbritannia under andre verdskrigen, frå 7. september 1940 til 10. mai 1941. Dei tyske bombetokta rammet fleire byar rundt i landet, og byrja med at London blei bomba i 57 netter.[1] I slutten av mai 1941 hadde over 43 000 sivile omkome, og berre i London var over ein million hus øydelagde eller skadde.
Målet til Tyskland med bombetokta var å demoralisere den britiske befolkninga slik at Storbritannia blei nøydd til å kapitulera, eit mål som det tyske luftvåpenet Luftwaffe ikkje hadde klart å nå med slaget om Storbritannia sommaren og hausten 1940. I mai 1941 blei hovuddelen av Luftwaffe flytta austover for å bidra til åtaket mot Sovjetunionen, og hovuddelen av dei tyske bombetokta mot Storbritannia var over.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.