Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vilhelm I (opphavleg Willem Frederik Prins van Oranje-Nassau) (fødd 25. august 1772 i Haag, død 12. desember 1843 i Berlin) var konge av Nederland 1813-1840.
Vilhelm I av Nederland | |||
| |||
Fødd | 24. august 1772 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Haag | ||
Død | 12. desember 1843 | ||
Dødsstad | Berlin | ||
Gravstad | Nieuwe Kerk | ||
Gift med | Wilhelmine av Preussen, Henrietta d'Oultremont | ||
Dynasti | Huset Oranien-Nassau | ||
Far | Vilhelm V av Oranien | ||
Mor | Vilhelmina av Preussen | ||
Born | Vilhelm II av Nederland, Fredrik av Nederland, Prinsesse Pauline av Orange-Nassau, Prinsesse Marianne av Nederland, unnamed child von Nassau, dødt barn |
Han var son av Vilhelm V av Oranien og Vilhelmina av Preussen og gift med kusina Vilhelmine av Preussen (1774-1837).
Som ung budde han ei tid i eksil i Preussen under napoleonskrigane.
Han lét seg utrope til konge i 1813 og vart i 1815 òg tilkjent Belgia og Luxembourg.
Han ønskte å styrkja økonomien til landet, og vert rekna for ein dugeleg person når det gjaldt finanspolitikk. Men han gjorde òg fleire ting som ikkje vart sett pris på. Nederlandsk vart gjort til offisielt språk i heile landet, og han førte ein uforsonleg politikk overfor katolikkane.
I 1830 gjorde belgiarane opprør. Opprøret vart slått ned, men Frankrike støtta sidan saka til belgiarane. Til sist måtte Vilhelm bøye seg for kravet om sjølvstendet til Belgia.
Han abdiserte i 1840 og vart etterfølgd av sonen Vilhelm II. Han slo seg ned i Berlin saman med den andre kona si, Henrietta d'Oultremont. Der budde han til han døydde.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.