dronning av Sverige From Wikipedia, the free encyclopedia
Victoria av Baden, eigentleg Sophia Maria Victoria, (7. august 1862–4. april 1930) var ei prøyssisk adelsdame og dronning av Sverige frå 1907 til ho døydde i 1930, gift med Gustav V av Sverige. Ho var svensk kronprinsesse frå 1881 til 1907 og norsk kronprinsesse frå 1881 til unionsoppløysinga i 1905.
Victoria av Baden | |||
| |||
Fødd | 7. august 1862 Karlsruhe | ||
---|---|---|---|
Død | 4. april 1930 Roma | ||
Tittel | dronning av Sverige | ||
Alle titlar | kongegemalinne, kronprinsesse, hertuginne, prinsesse | ||
Hus eller slekt | Bernadotte | ||
Gravstad | Bernadotteska gravkoret | ||
Land | Tyskland, Sverige | ||
Mor | Louise av Preussen | ||
Far | Friedrich I. | ||
Ektefelle | Gustav V av Sverige | ||
Barn | Gustav VI Adolf av Sverige, Wilhelm av Sverige, Erik av Sverige |
Victoria vart fødd som prinsesse av Baden, som dotter av storhertug Fredrik I av Baden og prinsesse Louise av Preussen. Då Victoria gifta seg med den snvekse tronarving Gustav, seinare kjend som Gustav V, vart ho kronprinsesse av Sverige og Noreg og hertuginne av Värmland. Victoria var oldebarn av den svenske kongen Gustav IV Adolf, og etterkomar av Gustav Vasa, noko som bidrog til å gjera henne populær i Sverige. Svigerfaren hennar Oscar II ville dessutan knyta sterkare band mellom Tyskland og Sverige, så ekteskapet var òg ein politisk allianse.
Victoria var einaste dotter av storhertug Fredrik I av Baden og kona hans Louise av Preussen, og såleis òg barnebarn av den tyske keisaren Vilhelm I. Ho voks opp på slottet i Karlsruhe med brørne sine Fredrik og Ludvig. Om sommarane flytta familien ut til sommarslottet i Mainau. Dei besøkte jamleg slottet til den tyske keisaren i Babelsberg utanfor Berlin. Iblant gjorde dei òg reiser til St. Moritz i Sveits, til vestkysten av Frankrike og til badestader i England. Det har vorte sagt at Louise var svært streng mot barna sine, og lét dei sova på harde senger i kalde rom for at dei skulle herdast, noko som kan ha bidrege til Victoria si dårlege helse.[1]
Hennes skulegang byrja i 1871 saman med 15 jenter ved slottet. Victoria kunne både tysk, fransk og engelsk. Ho kunne teikna og måla, og var ein dugeleg fotograf. Ho var òg dugeleg på piano og kunne spela stykke av Chopin, Beethoven og favorittkomponisten sin Wagner. Victoria lærte seg òg mange balladar av Schiller, og dikt av Uhland, på rams.[2]
Som 16-åring vart Victoria konfirmert på adventssøndagen 1878 av primasen i Baden, prelat Doll. Etter dette sørgde storhertuginne Louise for at det vart gitt kurs på slottet i måling, musikk, språk og historie. Av den austerrikske dirigenten Felix Mottl lærte Victoria å verdsetja Wagner, og når komponisten Franz Liszt besøkte slottet, fekk Victoria bla notearka for han når han spelte stykke av Schubert.[3]
Før ho traff kronprins Gustav var ho forelska i den russiske storfyrsten Nikolaj, søskenbarn av tsar Nikolaj II. Tsaren sa nei til eit giftarmål mellom dei to, fordi ho og Nikolaj var søskenbarn. Mor hennar ville at ho skulle gifta seg med den tyske kronprinsen Vilhelm, men den tyske rikskanslaren Bismarck sa nei til det sidan også dette ville innebera ekteskap mellom søskenbarn.[4]
Spørsmålet om ein passande ektefelle for kronprins Gustav hadde på den anna side sysselsett foreldra hans sidan slutten av 1870-talet. Kong Oscar såg på det som ein fordel å knyta nærare band til Tyskland, og ei tysk prinsesse ville då ha vore å føretrekka. I den svenske pressen vart det spekulert i eit giftarmål med prinsesse Viktoria av Hessen-Darmstadt. Dronning Sofia ville at ein òg skulle vurdera nokon frå det britiske kongehuset, og kronprins Gustav møtte dronning Victoria si yngste dotter Beatrice av Storbritannia utan at det vekte noka interesse.[5]
Hausten 1879 vart Gustav send som observatør til ei tysk militærøving utanfor Strasbourg. Gustav hadde vorte kjent med bror til Victoria under eit tidlegare opphald i London, og kunne i samband med øvinga møta Victoria og foreldra hennar. Etter at øvinga var over, vitja kronprinsen Baden-Baden som gjesten til storhertugfamilien. Det er mogleg at Gustav traff Victoria på ein meir flyktig måte ved dette høvet, men det ser ikkje ut til at det kunne ha vore noko meir ved det tilfellet.[6]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Gustav var til stades då prins Vilhelm og Auguste Victoria av Schleswig-Holstein gifta seg 27. februar 1881. Kronprins Gustav traff Victoria under eit besøk hos keisarinne Augusta. I Gustavs brev til sin mor kan ein følgja forelskinga: «Alla människor hava märkt mer eller mindre att vi tycker om varandra, men det gör mig ingenting alls. Ty jag är alldeles bestämd i mitt val och känner mig överlycklig.» Storhertug Fredrik bad Gustav verta nokre dagar ekstra. Allereie ei veke etter at dei møttest hos keiserinne Augusta, bad kronprinsen om hennar hand. Den 12. marsen 1881 var forlovelsen inngått.
Kronprins Gustav vart tvinga til å venda tilbake til Stockholm, fordi kong Oscar hadde vorte ramma av lungebetennelse. Då han hadde komme seg, kunne Gustav venda tilbake til Karlsruhe, der han feira påske saman med sine kommande svigerforeldre. I mai reiste kong Oscar til Bad Ems, der Victoria fekk moglegheit til treffa han. Saman med dronning Sofia reiste han til slottet Brühl mellom Köln og Bonn for å treffa keiserinne Augusta og bestemma praktiske ting i samband med bryllaupet.
Resten av sommaren oppheldt Victoria seg i Baden, og med sine foreldre i St. Moritz. Victoria lærde seg svensk. Til fødselsdagen hennar i august kom kronprins Gustav på besøk. For å læra ho om dei politiske tilhøva i Sverige, vart professor skytteanus Oscar Alin engasjert. Kong Oscar II gav ho seinare personleg eit kurs i historia til den svenske konstitusjonen.
Victoria av Baden og kronprins Gustav gifta seg den 20. septemberen 1881, i slottskapellet i Karlsruhe. Victoria vart ført til alteret av sin svigerfar kong Oscar II, og sin morfar keisar Vilhelm. Victoria var kledd i ein brudekjole dekorert med myrtar, Gustav var iført livregementets dragonar-uniform. Ved ringveksling vart det skuttet salutt, tre gjeng 12 kanonskot.
Etter ein tre dagar lang bryllaupsfest reiste dei nygifte til Sverige. I Stockholm haldne fram feiringa i eit par veker til, i høve av at Sverige hadde fått ein kronprinsesse. Under den store gallamiddagen 1. oktober 1881 halden kong Oscar ein tale, der han blant anna sa: «Hennes vagga stod i fjärran land, men hon kommer icke som en främling, ty svenska äro Victorias anor. Måtte dessa murar under en lång och säll framtid hägnande omsluta det hem, till vilket hon genom kärlekens makt nu blivit återbördad».[7] Den påfølgjande dagen vart det halden ein høytidsgudstjeneste i Slottskyrkan, og den 3. oktoberen vart det halde eit ball på slottet med 2 000 gjester. Den 4. oktoberen vart feiringa avslutta med ei gallatilstelling i Stockholmsoperaen.
Paret busette seg så i Stockholms slott. Etter festen reiste paret tilbake til Tyskland for å treffa Victorias foreldre og andre slektningar. Paret besøkte òg dronning Louise, som var Gustavs kusine. I februar og mars 1882 besøkte kronprinsparet Kristiania, som var namnet på Noregs hovudstad den tida. Kronprinsparet var òg kronprinspar i Noreg, då Noreg og Sverige var i union.
Victoria deltok òg ivrig i sosietetslivet i Stockholm. Ho arrangerte ball, basarar og tilstellingar for kunst. Ho vart kjend for engasjementet sitt innan velgjerd, og det var òg ofte grunnen til dei samankomstane og festlighetene ho halde. Ho hadde likevel problem med å omstilla seg til tradisjonane i det svenske hoffet, og prøvde forgjeves å innføra tyske seremoniar og monarkiske system som var betydeleg meir formelle.
Victoria kunne òg visa til andre sider, spesielt når det kom til spørsmål om kunstneriske utføringar. I 1887 sette ho og ektemannen opp skodespelet Legenda om den heilage Elisabeth på Musikalske Akademien, og opptedde sjølv i hovudrollene framfor eit utvald selskap. Inntektene gjekk til velgjerande føremål. Så lenge ho hadde helsa i hald på, levde Victoria eit aktivt friluftsliv, og ho pleidde å ri saman med ektemannen.
Sommaren 1882 vart det klårt at dronning Victoria var gravid, og i oktober 1882 fødde ho sonen Gustav Adolf. Kong Oscar hadde lagt ned forbod mot at prinsen skulle gjevast tyske namn, og han ville ikkje at hans sønnesønn skulle kallast for Fritz eller Wilhelm, men Victoria gav likevel den nyfødde Fredrik Vilhelm som mellomnamn.[8] Etter fødselen var Victoria sjuk, ho hadde luftvegsplager. I 1884 vart Wilhelm fødd, og i 1889 sonen Erik. Erik var mykje sjuk. Han lei av epilepsi, og var noko tilbakestående. Fødselen var vanskeleg, og han vart i ettertid ramma av Victorias lungeinfeksjon, som ho eigenleg aldri vart frisk frå.
På somrane flytta kronprinsparet med sine barn ut til Slottet til tullgarn. Slottet vart likevel sett på for å vera for fuktig for Victorias helse, så hennar foreldre førebudde seg på bygginga av ei nye sommarvilla på ein tørrare stad. Riksantikvar Hans Hildebrand rådde til Öland, så sommaren 1902 reiste kronprinsparet langs Ölands vestkyst med kong Oscars lystyacht Drott. I Räpplinge sokn fann Victoria sjølv eit passande stad i ein lauvskog nær Borgholms slottsruinar. Oppdraget med å teikna huset vart gjeven til Torben Grut, ein arkitekt som på den tida var nærast ukjent. Grut hadde først teikna ein villa i nordisk stil, men Victoria ville ha eit sommerhus i italiensk stil, og det vart gjort endringar for å gjennomføra dette. Det ser ut til at arkitekt Grut hadde ein avgrensa innverknad på utsjånaden til villaen, alle viktige beslutninger vart fatta av Victoria sjølv og hennar lege, Axel Munthe. Hennes forbilete var Munthes eiga sommarvilla på Capri, San Michele. Plassen føre Solliden vart fylt med antikke statuar, kopiar av Munthes skulpturloggia i San Michele.[9] I september 1903 kunne Victoria sjølv nedleggja grunnsteinen, og i 1906 var Solliden klårt for innflytting.
Då hennar svigerfar, kong Oscar II, avgjekk med døden 8. desember 1907, vart dronning Victoria dronning av Sverige. Året som følgde, var fylt med mottagelser, statsbesøk og andre offisielle plikter. Blant anna vitja kong Edvard VII av Storbritannia, dronning Alexandra og deres dotter prinsesse Victoria av England, Sverige 27. april 1908. 18. februar same år deltok dronninga ved innvielsen av Kungliga Dramatiska Teatern, med dets urframførelse av August Strindbergs Mäster Olof. Sjølv reiste ho blant anna til London, Paris, Berlin og Wien. Sommaren 1908 utnemnde keisar Vilhelm ho til heidersoberst i Das Stettiner Füsilier-Regiment No. 34.
Under dei næraste årane vart det mange slike offisielle besøk. I 1913 tok kongeparet imot statsbesøk av kong Viktor Emmanuel III av Italia og dronning Elena. Så lenge ho klarte, deltok ho òg i uformelle samtalar med representantar for svenske politiske parti, og ho hadde spesielt tett kontakt med Arvid Lindman, som ho òg brevveksla med.[10]
Prins Wilhelm gifta seg i 1908 med den russiske storfyrstinnen Maria Pavlovna. Victoria var ikkje til steda under vigselen, men brudeparet vitja ho i Karlsruhe under deres bryllaupsferd. Maria treivst ikkje i Sverige, og skreiv i sin dagbok: «Ein fruktansvärd tanke – år etter år med denne unge gubben och omgiven av den där idiotiska familjen! Min Gud!» Hausten 1913 forklarte ho for sin ektemann at ho ville skiljast, og reiste så til Paris.[11] Etter skilsmissa tok Victoria hand om deres fire år gamle son Lennart, som fekk bu i Stockholms slott i eit rom like ved Victorias. I sine memoarer skildrar han Victoria som svært streng, tradisjonsbunden og konservativ med ei sterk religiøs tru: «'Victoria' var ofta otroligt hård och sträng, familj och hov darrade i lika måtto. Då var hon hög och kall och oåtkomlig och det var inte möjligt att rubba järnpansaret så mycket som en millimeter.» På den anna side var ho òg kjærlig, og kunne finna på lange forteljingar som ho fortalde for sine barnebarn. Gavmildhet var eit framtredande trekk ved ho: «Jag har endast sällan, kanske aldrig, upplevt ein mänska som såg kunde gå upp i givandets glädje.»[12]
I september 1918 døydde hennar yngste son Erik av ein dobbeltsidig lungebetennelse. Prinsen budde dei siste åra av livet sitt ved Drottningholm. Etter gravferda hans i Riddarholmskyrkan vart det utropt seks månaders hoffsorg.
Under krigen reiste Victoria fire gonger til Tyskland for å vitja sin mor i Baden. Ein månad etter Eriks gravlegging reiste Victoria, heidersoberst av Stettin, tilbake til Baden. Der fekk ho oppleva den tyske kapitulasjonen, og i eit brev til Sven Hedin skreiv ho: «Jag känner mig som jag blödde av obotliga sår och jag blyges för mitt land, mitt stolta härliga Tyskland, som stod så högt och sjunkit så djupt. Guds vägar är sannerligen outgrundliga» Keiserdømmet Tyskland fall etter at keisar Vilhelm II av Tyskland abdiserte den 9. novemberen 1918, under novemberrevolusjonen og kapitulasjonen.[13] Av frykt for å angripast flykta alle på slottet, erkehertuginne Lousie inkludert, først til slottet i Zwingerberg, seinare til slottet ved Bodensjøen, og til slutt til slottet i Mainau. Victoria var nøydd til å verta i Tyskland i seks månader, til den politiske situasjonen i Tyskland hadde roa seg. Først i 1919 kunne ho venda attende til Sverige. Ein månad seinare fall monarkiet i Tyskland, og Weimarrepublikken vart utropt.
Sjølv om helsa hennar var dårleg, følgde ho kongen på offisielle besøk til langt inn mot slutten av livet sitt. I 1924 besøkte kongeparet Dalarna. 21. til 24. august 1925 reiste dronning Victoria med kongen og utanriksminister Östen Undén på statsbesøk til Finland. Dette var det første statsbesøket som vart avlagt i Finland etter at landet vart uavhengig, og eit av det siste offisielle oppdraget hennar.
Victoria var politisk konservativ, og tilhengar av den personlege kongemakta: «Nog vet jag att jag är en vanlig dödlig, men kungadömets princip är viktig. Vi representera i landet utanför och över partierna kontinuiteten, som ej beröres av åsikter eller hänsyn till meningar. Jag är fullt medveten om att jag inte är märkvärdigare än andra, men vår furstliga plikt ålägger oss att fordra att principen respekteras.» Prinsippet til kongemakta innebar at ein person var kalla av Gud til personleg å leia eit folk, med full handlingsfridom, for deres eige beste. Hennes sjelesørger var biskop Gottfrid Billing, som òg var høgreleiar i riksdagen sin första kammere.[14]
Den politiske utviklinga i Sverige foruroliget Victoria. I eit brev frå 1911 skreiv ho til greiv Ludvig Douglas og bad han om å verta Riksmarskalk: «När det ohyggliga ögonblicket är inne – jag kan ej beteckna det med andra ord – då förr eller senare ett vänsterministerium måste bildas, då behöver Konungen en tillgiven och pålitlig man i sin närhet[...]». Same året tiltredde den liberale Staaff som statsminister for andre gong, medan ho forgjeves hadde arbeidd for å få Lindmans høgreregjering til å verta sitjande.[15][16] Victoria beundra den oppdagelsesreisende Sven Hedin. Ho støtta dei krav innan forsvarspolitikken som vart framført i Borggardstalen som vart skrive av han, og reinskreiv det før talen vart halden. Ho stod likevel ikkje ved kong Gustav ved Borggarden då talen vart lesen opp, og ho stod heller ikkje på slottsbalkongen då ektemannen og sonen tredde fram som Sveriges nye konge og kronprins i 1907. Ho vitna om hendingane i tryggleik frå sin leilegheit.[17] Borggardskrisen vart ein personleg triumf for Victoria – statsminister Staaff og ministrane hans vart tvinga til å gå av.[18]
Då dronning Sofia opna Sophiahemmet i 1887, hjelpte Victoria til, og etter Sofias bortgang ved årsskiftet 1913/14, overtok Victoria sjølv styringa med heimen.
Stiftelsen Drottning Victoria Örlogshem vart stifta i Stockholm i 1908. Formålet var å sørgja for at vernepliktige ved flåten, andre tilsette i forsvaret, medlemmer av frivilligheitsorganisasjonane til forsvaret og marine kameratforeiningar kunne få innkvartering til fornuftige prisar i hovudstaden. Heimen finst framleis på Blasieholmen i Stockholm.
Ved utbrotet av første verdskrigen var Victoria med å organisera nødhjelp for dei mest trengande, Centralkommittén för samordning av särskild hjälpverksamhet. Komiteen fordelte mellom anna karbidlamper, såkorn og babyklede til dei mest trengande. Centralkommittén sørgde òg for at det vart opna ein aldersheim for samar i Karesuando.
Til Victorias 60-årsdag i 1922 vart det arrangert ei innsamling, der det vart samla inn 170 000 svenske kroner. Pengane vart brukte til å kjøpa den gamle kongsgarden utanfor Borgholm. Kongsgarden vart gjort om til ein kvileheim for kvinner, ein hushaldsskule og ein hageskule, og det heile stod klart i 1924.
Victoria hadde allereie frå ung alder av problem med sin helse, med kronisk hoste og luftvegskatarr. Gjennom 1880-åra heldt til ho vintrane i Mainau eller ved Bodensjøen, og seinare overvar ho vintrane i Roma. Etter prins Eriks fødsel fekk ho problem med luftvegane, og hadde problem med den kalde vinteren i Sverige. Oscar II klaga i sine memoarer på at ho, til trass for sine stadige reiser til sørlege strøk, aldri vart betre.[19] Helsa til kongen innebar at han ikkje kunne tillata at den stadfortredenden regenten kronprins Gustav forlét landet, og at han var avgjord på at verven til kronprinsen skulle vera uavbrutt, noko som hindra ektefellane i å treffa kvarandre på vintrane.[20]
På 1890-talet fekk Victoria dessutan problem med den høgre armen sin, og gjekk i periodar med armen i bind. Ho fekk òg problem med auga, og mista etter kvart synet på det eine auget.
I Roma pleidde ho å bu på Grand Hotel ved Piazza d'Esedra. Ho brukte alltid å besøkja attraksjonar i Roma, og besøkte årleg pave Leo XIII fram til døden hans i 1903. Før ho reiste tilbake til Sverige, pleidde Victoria å stoppa i Venezia i ei veke.
Victoria håpa på at eit lengre opphald i eit land med varm og tørr luft skulle gjera henne betre. Saman med Gustav reiste ho derfor hausten 1890 til Egypt, og oppheldt seg der i eit halvt år. Victoria skreiv ei reiseskildring, Vom Nil. Tagebuchblätter während des Aufenthalts in Egypten im Winter 1890-91, om reisa dit. Også Gustavs dagbøker derfrå er bevarte.
Victoria kom tilbake til Sverige i slutten av juni 1891. Ho oppheldt seg på Tullgarns slott, men den svenske sommaren viste seg å vera uvanleg regnfylt, og slutten av august vart ho ramma av høg feber. Doktor Ragnar Bruzelius tilrådde derfor ytterlegare ein vinter i Egypt.
I november 1891 reiste ho igjen til Egypt, men denne gongen utan selskap av ektemannen sin og adjutanten hans, baron Gustaf von Blixen-Finecke. I Stockholm hadde det oppstått ein svertekampanje om at kronprinsessa hadde hatt ein affære med adjutanten under førre besøk til Egypt. Rykta hadde nådd både kronprinsen og foreldra hans. I eit brev til kong Oscar datert til 29. august 1891 skriv Gustav at om ei ny reise til Egypt skulle bli aktuell, er det best at adjutanten blir igjen heime, «Så att menniskor ej få onödigtvis høve till prat».[21]
Sommaren 1892 vart halde til på Sofiero og på Tullgarns slott. I slutten av oktober flytta kronprinsparet til Skabersjö slott. Men den 21. november forlét ho Sverige og reiste til Karlsruhe, i eit hastig oppbrot som vart meldt i Post- och Inrikes Tidningar først i etterkant.
I etterkant stod det rett ut at det under reisa til Egypt hadde skjedd noko mellom Victoria og adjutanten. Kva som eksakt skjedde er uklart, og eit brev som kong Oscar skreiv til Gustav i august 1891 haldast løynleg av Bernadottebiblioteket.[22] I eit brev til mor si, dronning Sofia, frå desember 1892, skriv kronprinsen om ein samtale han hadde hatt med Victoria der han hadde konfrontert ho med det han visste: «Jag slutade med att säga henne att mina känslor för henne ej voro de samma som förr efter allt vad som passerat under hösten, men att jag på samma gång ändå hade den förhoppningen kvar i mitt hjärta att om hon verkligen ville förändra sig i hela sitt uppförande och uppträdande allt åter kunde bliva bra igen en gång i framtiden.» Han fortsette: «Ett sådant hjärtesår som hon tillfogat mig kan ej gro ihop på några dagar eller veckor, först måste jag se att det verkligen är allvar med hennar ånger.»[23] Det er uklart kva som vartmed meint et «...efter allt vad passerat under hösten». Gjennom hausten 1892 vart kronprinsparet verande ved Skabersjö slott, som ligg berre 20 kilometer frå Näsbyholms slott, som er Blixen-Fineckes familiegods. Kronprinsessen og Gustaf von Blixen-Finecke møttest òg offisielt ved besøket til det danske kongeparet i oktober 1892. Det er mogleg at dei to heldt fram med å treffa kvarandre i løyndom sommaren og hausten 1892.[24]
Etter kronprinsparets opphald i Egypt 1890-91 forlét de Kairo 20. april og skilde lag i Brindisi. Victoria stoppa opp nokre veker i Sorrento, der det regna, og reiste deretter til Capri. Under den siste dagen i Capri, 18. mai, trefte ho den svenske legen Axel Munthe for første gong. Den lange samtalen som følgde var i all hovudsak ein medisinsk konsultasjon, då Victoria var misnøgd med sin eigen lege, doktor Vincent Lundberg. Axel Munthe hadde innleidd karrieren sin i Paris, men flytta til Roma der han som ekspert på nervøse sjukdommar hadde vorte ein populær lege med mange pasientar frå det europeiske aristokratiet.
I desember 1892 fekk Axel Munthe eit brev frå kammerherren sin Rosenblad, med ein førespurnad om han kunne bli legen til kronprinsessa under dei tre månadene hennar lange opphald i Italia. Dette svarte Munthe ja til, og han vart legen hennar då ho kom Roma 4. mars 1893. Etter nokre veker i Amalfi vende Victoria tilbake til Roma. I tida som følgde omgjekk dei kvarandre dagleg, og det verkar som fortroligheten snart hadde gått over i varme kjensler. I mai reiste dei to til Venezia, og av verna brev kjem det fram at noko viktig hadde skjedd mellom dei to:
« | Gud välsigne Er för Ert kära brev, så likt Er själv sådan Ni var i Venedig! Ja, Ni har rätt, det var lyckliga dagar vi tillbragte tillsammans i det sköna Venedig med Livets hårda verklighet så fjärran och barmhärtig glömska i våra sinnen! Åh! vi hade båda så mycket att glömma - jag till och med mer än Ni, ty jag måste glömma, inte vem Ni var, ty för mig är Ni mitt hjärtas dam och ingenting annat; utan glömma att Era tankar gick till en annan man. [...] Jag kan inte tro att vi gjorde fel som glömde vilka vi var, att Gud skulle kunna tycka illa om oss stackars människovarelser som vågade känna lycka och tacksamhet för några timmars tystnad och frid mitt i vardagslivets buller och larm - var det inte som en söndag för trötta tankar, denna vackra långa Venedigdag, efter en vecka av hårt arbete och slit.[25] | » |
Etter besøket i Venezia reiste Victoria til foreldra sine i Karlsruhe. For Munthe, som hadde legepraksisen sin i Roma, var det ingen selvfølgelighet å reisa til Sverige. For den korte tida si som Victoria sin lege vart han 1. juli utnemnd til riddar av Nordstjerneordenen. I midten av september 1893 flytta kronprinsparet til Sofiero, der dei møtte Munthe. For å ikkje vekkja mistanke innleidde dei eit rollespel der dei ikkje viste interesse for kvarandre, eller dei snakka med kvarandre på engelsk for at ikkje reisefølgjet skulle forstå.
Gjennom dei nærare 40 åra Munthe og Victoria kjende kvarandre må dei ha utveksla hundretals brev, men berre 16 er bevarte. Det er likevel klart at forholdet deira starta etter rask forelsking. Victoria skriv i eit brev til han i 1893: «Vet Du, jag börjar tro att det är helt naturligt & precis som det skall vara, att jag inte kan sova, då Du inte heller kan det! Och eftersom det finns en viss kommunikation mellan våra själar, antar jag att det är en naturlig konsekvens.»[26]
Verna brev viser at dei to er heilt fortrulege med kvarandre. Victoria fortel at alt intimt samvær med kronprinsen har opphøyrt, og ho fortel òg at ho heller vil sitja og ha det trasig i eit tysk kurby enn å opphalda seg på Tullgarn med kronprinsen.[27] I eit brev frå 1903 skriv Victoria korleis Gustav har nekta ho å reisa for å treffa sonen Wilhelm når han deltek i ei flåteøving: «Jag befinner mig i ett desperat tillstånd av 'låghet', det är litet bättre nu när Prinsen är borta, men när han är här står jag helt enkelt inte ut. När jag läser i tidningen om ett skilsmässofall avundas jag parterna!» Ho fortsette: «Tårarna rinner även när jag skriver dessa rader; jag kan inte rå för det, jag känner mig så fruktansvärt eländig & ensam & övergiven. Varför måste man leva fjättrad på detta vis? Det är så hemskt svårt. Gud välsigne Dig. Var snäll och förlåt mig för att jag skriver så här, men jag måste lätta på hjärtat, annars kan jag inte leva vidare.»[28]
Kronprinsessa besøkte Italia kvart år frå 1901 til utbrotet av første verdskrigen. Når Munthe besøkte kronprinsessa på Solliden, budde han i eit gjesterom i sjølve huset. Eit brev frå Victoria til Munthe skrive 1906 etter innviinga av Solliden viser at kjenslene hennar er like sterke: «Ja, tack gode Gud att jag vet att varken tid eller rum kan skilja oss & jag känner mer än någonsin att jag är Din, Din, för evigt. Tack gode Gud att jag kan höra ekot i Ditt hjärta att Du är min också!»[29]
I 1907 vart Victoria dronning av Sverige, og ei skilsmisse mellom henne og Gustav vart no ei umoglegheit. I mai 1907 gifta Munthe seg med ein pasient, Hilda Pennington Mellor. Det er ukjent korleis Victoria reagerte på dette, men ho heldt fram med å reisa til Capri sidan ho hadde kjøpt eit eige hus der, Villa Caprile. Utbrotet av den første verdskrigen sette likevel ein stoppar for reisene hennar til Italia. Det ser ut til at Munthe, som var både liberal og Englands-venn, hadde ein oppheita diskusjon med Victoria, og vidare at han sende avskjedssøknaden sin som legen hennar, men at han vart avslått. Under krigen var Munthe feltlege ved vestfronten i Frankrike. Der skreiv han romanen Red Cross & Iron Cross, som var eit veldig angrep på Tyskland. Romanen vart gitt ut anonymt av omsyn til Victoria.
Victoria og Munthe møttest først igjen sommaren 1921 då han vitja ho på Solliden. Etter hans reisa skrev ho: «Den gamla vänskapen är stark & kommer att vara tills jag sluter mina ögon för den sista sömnen!»[30]
Gjennom 1920-åra vart helsa hennar ytterlegare forverra, og ho busette seg permanent i Roma. Med hjelp frå Axel Munthe kjøpte ho seg eit hus i Roma med utsikt over Tiberen, Villa Svezia i via Aldobrandi 27. Siste gongen ho besøkte Sverige var i 1928, då Gustav V fylte 70 år.
Hausten 1928 kom ho til Roma, der ho vart til juni 1929. Ho reiste så til slottet Mainau, som ho hadde arva etter sin avlidne bror. Ifølgje Munthe var det ein føresetnad for hennar helse at den kongelege familien lét ho vera i fred, spesielt kongen, kronprinsen og prins Wilhelm. Etter vinteren 1929 vart ho svakare, og vart gjentekne gonger ramma av åndenaud og hjartekrampe. Ho var ikkje lengre i stand til å skriva breva sine sjølv.
Den 4. april 1930 gjekk dronning Victoria bort i eit hjarteinfarkt. Ved døden hennar var det fire personar samla i rommet; kong Gustav, prins Wilhelm, Axel Munthe og Agnes Bergman, som var kammerfrua til dronninga. Kongen og Munthe stod på kvar si side av senga og heldt Victoria i handa, då ho vende seg mot Munthe og ytra sine siste ord: «Come soon». Dagen etter vart det utforma ein offisiell uttale om dødsfallet: «Det har behagat Herren den Allrahögste att efter sitt outrannsakliga och allvisa råd i går kl. 7 e.m. till ett högre liv kalla Hennes Majestät Drottningen av Sverige Sophie Maria Victoria. Vördande försynens visa skickelse och i undergivenhet för dess vilja skall den med Sveriges trofasta folk i djup sorg försänkta kungafamiljen hämta tröst och styrka ur hågkomsten av den höga hädangångnas ädla och varmhjärtade personlighet.»
Sundag 6. april var det Munthe personleg som balsamerte liket. Hennes lekam vart ført til Sverige med panserbåten Drottning Victoria. Den 12. aprilen vart statsgravlegginga halde i Riddarholmskyrkan, og kong Gustav hadde sjølv ordna blomsterarrangementet ved kisten. Officiant ved gravlegginga var erkebiskop Nathan Söderblom.
Før sin bortgang hadde Victoria ytra ønske om at alle hennar fotografiske glasplater skulle destruerast. Våren 1930 vart difor tusenvis av glasplater kasta i vatnet utanfor Slottet til tullgarn.[31] Etter Gustav Vs død vart alle brev mellom han og Victoria brunne. Fleire spørsmål om tilhøvet dei to imellom kan difor aldri med tryggleik svarast på. Det har vorte påstått at hennar dagbøker er uinteressante i så måte.[32]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.