From Wikipedia, the free encyclopedia
Unionsoppløysinga i 1905 er ei nemning på hendingane som gjorde at unionen mellom Noreg og Sverige blei oppløyst.
Frå 1814 til 1905 var Noreg i union med Sverige. Til 1884 var det kongen som utnemnde den norske regjeringa, og kampen for parlamentarismen var hard. Høgre oppstod som politisk parti for dei som var mot innføringa av det parlamentariske demokratiet.
Unionen hadde etter 1884 lite å seia for innanrikspolitikken, men etter unionsvilkåra var utanrikspolitikken styrt av kongen gjennom det svenske utanriksdepartementet. Dei svenske styresmaktene ville ikkje gå med på det norske kravet om eigne konsulat i utlandet, av di det kunna opna for krav om separat utanriksteneste og i siste omgang oppløysing av unionen. Dette førte med seg problem for norske sjøfolk, som stadig hadde bruk for hjelp rundt om i verda, men opplevde at konsular styrte frå Stockholm var lite hjelpsame.
Eitt av dei viktigaste argumenta til dei konservative for å bli i unionen var at Noreg var betre militært verna i han enn utanfor. Då Sverige truga Noreg med militærmakt i 1895, forsvann dette argumentet. Noreg kjøpte panserskip og bygde festningar nær grensa, og tilhøvet mellom dei to landa blei stadig meir spent.
Det norske flagget blei òg ei stridssak. Venstrefolk ønskte å bruke det reine flagget utan unionsmerket i den øvre venstre ruta. Også andre spørsmål gjorde at eit brot verka meir og meir sannsynleg i åra fram mot 1905.
|
Så vedtok Stortinget ein lov om eit eige norsk konsulat. Kong Oskar II nekta å godkjenna denne loven, og regjeringa søkte då om å gå av. Kongen godtok søknaden av di det «er mig nu klart at nogen anden regjering ikke kan dannes». Statsminister Christian Michelsen meisla ut ei dristig løysing på unionsproblemet. Unionen måtte oppløysast, med ei formell grunngjeving: Bandet mellom Noreg og Sverige var ein personalunion gjennom den svensk-norske kongen. Dersom han slutta å fungera som norsk konge, ville unionen òg verta oppløyst
Den 7. juni 1905 erklærte Noreg seg uavhengig. Lausrivinga skjedde utan valdshandlingar, nærmast med eit pennestrok: Det norske Stortinget vedtok samrøystes at regjeringa fekk mynde til «at udøve den kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love - med de ændringer som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under én konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge». Fleire hadde frykta at dei to landa kom til å gå til krig, men moderate krefter på begge sider vann fram, og i staden blei det norsk folkerøysting.
Den 13. august 1905 gjekk 85 % av stemmedyktige nordmenn til valurnene. 368 208 stemte for unionsoppløysing, medan berre 184 stemte imot. Etter krigshissing og harde forhandlingar blei den norske unionen med Sverige formelt oppløyst 26. oktober same året, då den svenske riksdagen anerkjente Noreg som eigen stat, og kong Oskar sa frå seg den norske trona. Noreg måtte øydeleggja dei fleste grensefestningane, men elles blei to land som nær hadde gått til krig mot kvarandre nokre veker før, overraskande fort samde. Russland, USA og Storbritannia var mellom dei første landa som anerkjente det sjølvstendige Noreg.
Oppløysinga av unionen gav Noreg fullt sjølvstende, eit nytt kongehus, utanriksvesen og retten til å ha diplomatiske samband med andre land. Det første diplomatiske sambandet blei til den 31. oktober, då Noreg sende ein chargé d’affaires til Washington. Deretter kom diplomatiske representasjonar hjå dei fire europeiske stormaktene, Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Russland i byrjinga av november.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.