Vechte
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vechte (nederlandsk: Vecht), ofte kalla Overijsselse Vecht i Nederland for å unngå å forveksle ho med elva Vecht i Utrecht, er ei elv i Tyskland og Nederland. Den totale lengda hennar er 167 km, der 107 km er på tysk jord.
Vechte har sitt utspring i åsane Baumberge i Nordrhein-Westfalen i Tyskland nær byen Münster og renn nordover og inn i Niedersachsen, forbi Nordhorn og Emlichheim, over landegrensa til den nederlandske provinsen Overijssel. Frå her renn ho gjennom den nordlege delen av regionen Salland og forbi Hardenberg og Ommen, der ho mottar elva Regge.
Nær byen Zwolle snur Vecht nordover og renn i hop med Zwarte Water nær byen Hasselt.
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Vechte frå Engelsk Wikipedia .
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.