Remove ads
vestgermansk språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Nederlandsk (nederlandsk: nederlands) er eit vest-germansk, nedertysk språk. Omtrent 21 millionar i verda snakkar dette språket. Varianten av nederlandsk tala i Belgia blir uformelt kalla flamsk. Det nederlandske namnet for språket er nederlands. På norsk blir også namnet hollandsk nytta, men sidan dette berre refererer til ein del av Nederland, blir det rekna som ukorrekt.
Nederlandsk nederlands | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk | |
Talarar | nederlendarar | |
Bruk | ||
Tala i | Nederland Belgia Aruba Sint Maarten Surinam Sør-Afrika Indonesia | |
Område | Nordlege Vest-Europa pluss tidlegare koloniar | |
Nederlandsktalande i alt | 23 millionar | |
Rangering | 48 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nederland Belgia Aruba Sint Maarten Surinam EU | |
Normert av | Den nederlandske språkunionen | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | nl | |
ISO 639-2 | dut nld | |
Nederlandsk er grammatisk på mange måtar liknande tysk, men er svært forskjellig i uttale. Ein som kjenner det eine språket, kan med noko trening forstå det andre brukeleg. Samanlikn til dømes:
Nokre mindre brukte ord og vendingar er nærare tysk:
(På norsk blir dette: «Den minste kameleonen er berre to cm stor, den største kan bli 80 cm».)
Men det er uttalen som gjer den største forskjellen mellom tysk og nederlandsk, på same måten som forskjellen mellom tysk og sveitsartysk (og andre tyske dialektar).
Typisk så opptrer dei største forskjellane mellom tysk og nederlandsk i korte, men viktige strukturar og daglege ord som følgjer:
Viss ein tyskar har lært eitt til to hundre av desse orda pluss nokre reglar, vil den tysktalande skjønne nederlandsk skrift nokså bra. Men nederlandsk er ikkje pensum i tysk skole.
Somme plassar blir tysk og nederlandsk til og med snakka omtrent parallelt. Folk som kan nederlandsk, kan som oftast skjønne skriftleg tysk, og tysktalande (som kan engelsk) kan som oftast lesa nederlandsk.
Nederlandsk er eit nedertysk språk i den vestgermanske språkgruppa (sjå tabellen over). Det er difor i slekt med andre lågsaksiske og austnedertyske språk, og er (bortsett frå frisisk) det språket som er nærast i slekt med engelsk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.