fransk ingeniør og arkitekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Sébastien Le Prestre, Seigneur de Vauban og seinare Marquis de Vauban, ofte berre kalla Vauban, (15. mai 1633–30. mars 1707) var marskalk av Frankrike og den fremste militæringeniøren i si tid, kjend for å både byggje og bryte gjennom festningar. Han gav òg Ludvig XIV råd om korleis grensene til Frankrike kunne forsterkast og gjerast lettare å forsvare. Vauban kom med det radikale forslaget om å gje opp landområde som var for vanskelege å forsvare, for å danne ei sterkare, og mindre porøs grense mot nabolanda til Frankrike.
Sébastien Le Prestre, Seigneur de Vauban. | |
Vauban, fransk skulemåleri frå 1700-talet | |
Nasjonalitet | fransk |
Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike |
Fødd | 15. mai 1633 Saint-Léger-Vauban |
Død | |
Dødsårsak | lungemboli |
Yrke | arkitekt, militæringeniør, skribent |
Kjend for | Militæringeniør som utforma mange festningsverk |
Språk | fransk |
Tittel | Maréchal de France Commissaire général des fortifications (1678–1703) |
Medlem av | Det franske vitskapsakademiet |
Prisar | Ordre de Saint-Louis |
Sébastien Le Prestre de Vauban på Commons |
Han deltok i praktisk talt alle felttoga til Ludvig XIV av Frankrike og var med i rundt 140 slag i felt og 53 kringsetjingar. Han bygde 33 festningar og utbetra meir enn 300. Likevel batt han seg ikkje til noko fast system, men tok omsyn til terrenget i kvart enkelt tilfelle. Prinsippa hans for bastionfestningar har etter han døydde vorte samanfatta i tre ulike system. Vauban førte festningsstrid inn på nye område, men han deltok sjølv aldri i forsvaret av ei festning. Hovudprinsippa i festningstenkinga hans vart vidareførte i ei modifisert form heilt inn på 1800-talet.
Vauban var òg oppteke av økonomiske og statsfinansielle spurnader og kritiserte i anonyme skrifter det samtidige skattesystemet i Frankrike.
Eit utval av 12 av festningsanlegga hans vart i 2008 oppførte på verdsarvlista til UNESCO med namnet Vaubans festningar.
Mellom 1667 og 1707 oppgraderte Vauban festningsverk i kring 300 byar, mellom andre Antibes (Fort Carré), Arras, Auxonne, Barraux, Bayonne, Belfort, Bergues, citadellen i Besançon, Bitche, Blaye, Briançon, Bouillon, Calais, Cambrai, Colmars-les-Alpes, Collioure, Douai, Entrevaux, Givet, Gravelines, Hendaye, Huningue, Joux, Kehl, Landau, Le Palais (Belle-Île), La Rochelle, Le Quesnoy, Lille, Lusignan, Le Perthus (Fort de Bellegarde), Luxembourg, Maastricht, Maubeuge, Metz, Mont-Dauphin, Mont-Louis, Montmédy, Namur, Neuf-Brisach, Perpignan, Plouezoc'h (Château du Taureau), Rocroi, Saarlouis, Saint-Jean-Pied-de-Port, Saint-Omer, Sedan, Toul, Valenciennes, Verdun, Villefranche-de-Conflent (by og Fort Liberia) og Ypres.
Han rettleia bygginga av 37 nye festninga og festningsverk i militærhamner, inkludert Ambleteuse, Brest, Dunkerque, Freiburg im Breisgau, Rochefort, Saint-Jean-de-Luz (Fort Socoa), Saint-Martin-de-Ré, Toulon, Wimereux, Le Portel og Cézembre.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.