plantefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Valmuefamilien (Papaveraceae) er ein plantefamilie i ordenen Ranunculales. Han omfattar ca. 200 artar fordelte på 23 planteslekter. Valmueslekta (Papaver) er den absolutt mest utbreidde med ca. 100 artar. Mange artar i familien blir dyrka som hageblomar.
Valmuefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Valmuefamilien Papaveraceae Juss., 1789 |
Plantane har omfattande karsystem, og nesten alle artane produserer ein kvit mjølkeaktig, oransje eller gul lateks (plantesaft). Frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum) kan ein vinna ut rusmiddelet opium. Blada til plantane er ofte enkle og motstilte. Blomane er ofte opne, lett klokkeforma og har mange frøberarar. Frøa er ofte innsette i kapslar. Nokre artar har ei piggete frukt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.