Valerij Vasiljevitsj Podluzjnyj[lower-alpha 1] (fødd 22. august 1952) i Donetsk er ein ukrainsk lengdehoppar som representerte Sovjetunionen. Han vann gullmedaljen i EM 1974 i Roma og bronsemedaljen under OL 1980 i Moskva.
Valerij Podluzjnyj | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Ukraina |
Fødd | 22. august 1952 Donetsk |
Død |
4. oktober 2021 (69 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 175 centimeter |
Aktiv
Etter at han hadde vorte junior-europameister i tresteghopp i 1970 satsa Podluzjnyj på lengdehopp. Han nærma seg europa-eliten i lengdehopp i 1972-sesongen, då han sette personleg rekord med 7,88 m. I 1973-sesongen tok han steget opp i verdseliten og vann unversiaden med eit hopp på 8,15 m. Året etter vann han lengdetevlinga i både i landskampen Sovjetunionen-USA og i landskampen Sovjet-Vesttyskland-Frankrike. Under europameisterskapen 1974 i Roma sigra han med 8,12 meter, før han seinare i sesongen flytta den personlege rekorden til 8,17 meter.
I 1979 vann Podluzjnyj lengdehopp i unversiaden for andre gong, med sterke 8,16 meter. Året etter, i finalen under sommarleikane i Moskva, gjorde han sitt livs lengste hopp med 8,18 meter, noko som heldt til bronsemedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Merknadar
- Russisk skrift Валерий Васильевич Подлужный, ukrainsk Валерій Васильович Підлужний, Valerij Vasyljovytsj Pidluzjnyj
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Waleri Podluschni» frå Wikipedia på tysk, den 17. august 2014.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.