From Wikipedia, the free encyclopedia
Vänsterpartiet (v) er eit svensk politisk parti som vart skipa i 1917 etter utbryting frå Socialdemokraterna. Partiet har hatt fire ulike namn, Sveriges Socialdemokratiska Vänsterparti (1917-1921), Sveriges Kommunistiska Parti (1921-1967), Vänsterpartiet Kommunisterna (1967-1990) og det noverande Vänsterpartiet sidan 1990.
Vänsterpartiet | |||
![]() | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Jonas Sjöstedt[1] | ||
Grunnlagt | 13. mai 1917 | ||
Medlemstal | 23 872 (2020)[2] | ||
Ideologi | demokratisk sosialisme, feminisme, euroskeptisisme |
Partiet var frå 1921 og fram til 1991 eit kommunistisk parti, men vert no skildra i partiprogrammet som eit sosialistisk, feministisk og miljøtenkjande parti. I riksdagsvalet i 2010 vart partiet det sjuande største i Sverige, med 5,6 % av røystene. Vänsterpartiet er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance.
Vänsterpartiet har om lag 12 500 medlemmer organiserte i 280 lokallag. Leiaren i Vänsterpartiet er Jonas Sjöstedt, som vart vald i 2012.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.