From Wikipedia, the free encyclopedia
Utdøydde artar er artar det ikkje finst nokon levande individ att av. I mange høve kan ein art døy ut utanfor eit visst område (regionalt utrydda), eller utryddinga kan gjelda mindre delar av ein art, som underartar eller dyrerasar. Når alle artar innan ei større gruppe er døydde ut, kan ein også snakka om gruppa som utdøydd.
Utdøying er ein del av evolusjonen. Medan nye artar oppstår, vil andre døy ut, til dømes fordi dei ikkje er godt nok tilpassa miljøet sitt eller på grunn av endringar i arvematerialet. Av og til forsvinn likevel fleire artar enn normalt på grunn av ytre påverknader, som naturkatastrofar, miljøendringar eller innførte artar. Slike hendingar blir kalla masseutdøyingar eller masseutryddingar. Ein kjenner til at det har skjedd fem masseutdøyingar på jorda. Den mest omfattande var perm-trias-utryddinga, der rundt 96 % av alle artar i havet og 70 % av landlevande artar forsvann.
Nokre gonger kan menneske ønska å utrydda artar dei reknar som skadelege, til dømes skadedyr, ugras eller artar som gjev alvorleg sjukdom. I dag blir likevel utrydding som regel sett på som negativt for det biologiske mangfaldet og økosystemet artane tilhøyrer. Det at ein art forsvinn, kan ha store økologiske konsekvensar, mellom anna ved at andre artar som er avhengige av han også vil stå i fare for å minka eller døy ut. For å hindra eller retta opp utdøying kan ein verna artar eller habitat, driva avl og setja ut individ av truga artar.
Ein art får raudlistestatus som utrydda (EX) om det er svært liten tvil om at arten er utdøydd i heile verda. Vidare kan ein art få status som utdøydd i vill tilstand (EW) medan det framleis finst levande individ i fangenskap, eller ein kan rekna han som funksjonelt utrydda, det vil seie at det finst så få reproduserande individ igjen at han truleg ikkje er levedyktig.
I dag reknar ein artar som utdøydd dersom ein ikkje har observert han innanfor eit rimeleg tidsrom i høve til livssyklusen og levemåten det har, og etter at ein har leita i kjente eller forventa levområde utan å finna han. Fram til midt på 1990-talet brukte ein å erklæra artaar som utøydd dersom ein ikkje hadde sett dei på 50 år. Dette førte til at fleire dyr blei erklærte som utdøydde for så å bli oppdaga igjen.
Kjente utryddingar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.