From Wikipedia, the free encyclopedia
Masseutrydding eller masseutdøying er ein utbreidd og rask nedgang i det biologisk mangfaldet på jorda. Ei slik hending er kjenneteikna av ei kraftig endring i mangfaldet og rikdommen i talet på fleircella organismar. Ei masseutdøying finn stad når raten på utdøying blir større enn raten på artsdanning.
Det meste av mangfaldet og biomassen på jorda er danna av mikroorganismar, som er vanskelege å måla. Ein måler derfor masseutrydding gjennom dei meir biologisk komplekse organismane i biosfæren, og ikkje det totale mangfaldet og rikdommen av livet på jorda.[1]
Utdøying finn stad med ujamne ratar. Basert på fossilfunn reknar ein med at den normale utdøyingsraten på jorda er rundt to til fem taksonomiske familiar av marine dyr per million år. Marine fossil blir hovudsakleg brukt til å måla utdøyingsraten på grunn av at ein har betre grunnlag av fossilfunn og stratigrafi enn ein har for landdyr.
Oksygenkatastrofen var truleg den første store masseutdøyinga. Sidan den kambriske eksplosjonen veit ein om fem masseutdøyingar som overgår den normale utdøyingsraten. Krit-tertiær-utryddinga, som fann stad for rundt 66 millionar år sidan, var den nyaste og truleg den best kjende som råka både plantar og dyr i løpet av ein geologisk kort periode.[2] I tillegg til dei fem store masseutdøyingane finst det også fleire mindre. I tillegg er den pågåande masseutryddinga forårsaka av menneskeleg aktivitet blitt kalla den sjette utryddinga eller den holocene utryddinga.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.