Remove ads

Krit-tertiær-utryddinga, som skjedde for om lag 65,5 millionar år sidan, var ei omfattande masseutrydding av dyr og planter i løpet av eit geologisk kort tidsrom. Hendinga vert òg kalla K-T-utryddinga og er knytt til K-T-grensa, som er eit tynt lag med sediment som er funne forskjellige stader på jorda. K er forkorting for den geologiske æraen krit og T for tertiær, eit historisk uttrykk for perioden som i dag er dekt av paleogen og neogen. Hendinga markerer slutten på mesozoikum og byrjinga på kenozoikum.[1] International Commission on Stratigraphy oppfordrar til å unngå bruk av uttrykket «tertiær», så K-T-utryddinga vert derfor av mange forskarar i dag kalla krit-paleogen-utryddinga (eller K-Pg).

Thumb
Badlands nær Drumheller i Alberta der erosjon har brakt K-T-grensa fram i dagen.
Thumb
Stevns KlintStevnsSjælland i Danmark ligg òg K-T-grensa i dagen, merka med raud pil på fotografiet.
Thumb
K–T-grensa langs Interstate 25 nær Raton Pass i Colorado. Den iridiumrike oska (grensa) er indikert av ei raud pil.

Det er funne fossil av dinosaurar like under K-T-grensa og alle dinosaurar, bortsett frå fugledinosaurar, døydde ut like før eller under hendinga.[2] Det er funne nokre få dinosaurfossil over K-T-grensa, men desse funna vert forklart å vere «omarbeidd», fossil som har vorte erodet bort frå sine opphavlege plasseringar og så bevart i seinare sedimentlag.[3][4][5] Mosasaurar, svaneøgler, flygeøgler og mange planteartar og virvellause dyr døydde òg ut. Kladar av pattedyr og fuglar klarte seg godt gjennom hendinga og kor mange kladar som vart utrydda og som fylte dei tomme økologiske nisjane som oppstod varierte stort.[6]

Forskarar har lagt fram teoriar om at K-T-utryddinga oppstod på grunn av ei eller fleire katastrofale hendingar, som eit massivt asteroidenedslag eller auka vulkansk aktivitet. Fleire nedslagskrater og massive vulkanar i Deccan-trappene har vorte datert til omtrent tida då utryddinga skjedde. Desse geologiske hendingane kan ha redusert sollys og hindra fotosyntesen slik at økologien på jorda vart hardt råka. Andre forskarar meiner at utryddinga skjedde gradvis på grunn av endringar i havnivået eller klima.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.

Remove ads