Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tyggegummipop (engelsk Bubblegum pop), stundom kalla plastpop eller trashdisco, er ein musikkstil som består av ei samansetning av kommersiell pop, eurodance, schlager eller disco. Omgrepet vert vanlegvis nytta av media i nedlatande form mot artistar som vert rekna å vere for kommersielle. Elles vert omgrepet lite nytta, og kva grupper og artistar som skal medreknast til denne sjangeren er vanlegvis ei subjektiv vurdering.
Tyggegummipop | |||
Stilmessig opphav | Psykedelisk pop, pop, poprock, garage rock, barnerim, barnemusikk, komediemusikk | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Seint 1960-åra i USA | ||
Typiske instrument | Synging - synthesizer - bass - trommemaskin - trommer - sampling - klaverinstrument - gitar |
Den klassiske tyggegummipop-perioden varte frå 1967 til 1972.[1] Ein ny bølgje starta nokre år seinare då disco tok over og punkrocken oppstod.
Bubblegum vert òg nytta som omgrep på ein musikkstil som har utspringet sitt frå eurodance i 1990-åra. Musikkstilane har mange likskapar med til dømes synthpop i eit tempo mellom 95 og 150 bpm og kvinneleg song med seksjonar av mannleg rap. Skilnaden frå eurodance er at bubblegum har litt meir fengande melodiar, i tillegg til at tekstene og videoane ofte er laga for å vere humoristiske eller retta mot barn.
Musikken var mest populær i åra 1995–2000 og vart hovudsakleg produsert i Sverige, Danmark og Italia. Bubblegum vart laga av produsentar og låtskrivarar som sette saman grupper som framførte låtane. Den største produsenten innan sjangeren er Johnny Jam & Delgado, berre det italienske selskapet SAIFAM har laga fleire produksjonar. Nokre av dei mest kjende bubblegumprosjekta er Aqua, Daze, Dr Bombay, Hit’n’Hide, Toy-Box, Captain Hook, Barbie Young og Zippers.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.