From Wikipedia, the free encyclopedia
Tuve eller tue (av norrønt þúfa) er ein rund liten topp på marka[1] som kan vera danna av jord, plantar eller plantedelar.
Visse urteaktige plantar har ei vekstform som dannar tuver. Dette gjeld til dømes ymse typar gras, halvgras og kveke. Nokre naturlandskap er prega av tuvedannande gras, som myr- og våtmarksområde over heile verda,[2] kjølige, våte graslandskap på den sørlege halvkula[3] og tundralandskap i nord.[4] Alpin vegetasjon dannar ofte tuver, ei vernande form som kan verna dei mot kulde[5][6] og vind.[7] I myrer er tuver forhøga, tørrare delar av landskapet prega av særskilde plantar, som lyng.[8] Bærtuver blir danna ved at vekstar som blåbærlyng, tyttebærlyng o.l. veks til ei tuve. I kulturlandskap finn ein ofte grastuver på gamal eng eller i kulturbeite.
Tuver kan også vera laga av plantedelar, til dømes kan uttrykket brukast om ei såte av høy.[9] Ein del insekt lagar tuver, som maur og termittar. Maur kan til dømes laga tuver av barnåler i skog og utmark, medan nokre typar maur (jordmaur) byggjer låge tuver av laus jord på grasmark.[10]
Eit norsk ordtøke seier at «lita tuve kan velte stort lass», det vil seia at ei lita hindring kan ha ein stor verknad.[9][11]
Ein finn også tuver i faste uttrykk som «å sitja trygt på tuva si» om nokon som sjølv er i ein trygg situasjon medan andre har problem,[9][11] eller «å sitja på kvar si tuve» om folk eller grupper som avsondrar seg frå kvarandre og ikkje samarbeider.[12][13]
Tuver kan også visa til gravstader. Ei særskild form av urnegrav der den gravlagde urna er dekka av ein låg haug blir kalla «tuvegrav», og er særleg utbreid i Jylland.[14] Omgrepet er blitt brukt litterært om å vera død og gravlagd, som i Olaf Liljekrans av Henrik Ibsen:
Det kan også brukast om noko som er forsvunne, som av norsk-amerikanaren Simon Johnson om barndomsheimen, som han skildra som «en knapt merkbar tue i en hveteåker».[16]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.