Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tunis (arabisk تونس, Tūnis) er hovudstaden i Tunisia. Han ligg nær middelhavskysten i den nordlege delen av landet. Talet på innbyggarar er berekna til 767 000 ie år 2010, med 2,4 millionar innbyggarar i heile storbyområdet. Tidlegare vart namnet Tunis feilaktig nytta om heile Tunisia.[2]
Tunis | |||
by | |||
Land | Tunisia | ||
---|---|---|---|
Areal | 212 630 000 km² | ||
Folketal | 602 560 (1. januar 2022)[1] | ||
Tunis 36.800833333333°N 10.18°E | |||
Wikimedia Commons: Tunis | |||
Tunis ligg ved Tunissjøen, ei grunn lagune. Sentrum i Tunis med den historiske gamlebyen (medina) og nybyen, den siste oppbygt under kolonitida, ligg mellom Tunissjøen og innsjøen Sebkhet Sedjoumi. Kring bysenteret ligg dei indre forstadene; i vest villa- og regjeringskvartalet Le Bardo med mange ulike museum, i nord kvartalet Belvédère-Hügel og dei nyare bustadområda El Menzah og Ariana, i sør industriområda Megrine og Ben Arous. Under kolonialtida bygde franskmennenene ei 10 km lang bybane over Tunissjøen, ei vidareføring av Avenue Habib Bourguiba midt i gamlebyen heilt fram til hamnebyen La Goulette. Nord for La Goulette strekker forstadene Qartāj, med den internasjonale lufthamna, og Sidi Bou Said, La Marsa og Gammarth langsved kysten. Badebyen Hammam-Lif ligg i søraust.
Tunis, på gresk Tynes,[3] vart grunnlagd av fønikarar[4] og er truleg eldre enn Kartago, som byen låg under.[2] Då Kartago vart øydelagd i år 146 f.Kr., vart også Tunis lagt i ruinar. Byen vart bygt oppatt av romarane under namnet Thuni, som seinare vart til Tunes.[3] Fyrst etter arabarane erobra byen, vart han økonomisk og politisk makt.[2] Han var landingsplass for pilgrimar frå Andalusia til Kairouan, og ein av dei aghlabidiske fyrstane sine residensstader.[2] På 900-talet vart Tunis fleire gonger plyndra, då fatimidar låg i strid mot sunnittar.[2] På 1200-talet var byen eit viktig sentrum i hafsidane sitt rike.[3]
År 1534 vart Tunis ein del av det ottomanske riket, og mellom 1535 og 1569 samt 1573-74 høyrde det til Spania.[4] I 1705 gjorde beyen av Tunis byen de facto-sjølvstendig frå ottomanarane[4] og grunnla eit lokalt dynasti.[5] Etter at Frankrike invaderte Tunisia i 1881 vart byen sete for ein fransk generalguvernør. Under 2. verdskrigen okkuperte Tyskland byen vinteren 1942-1943.[4] År 1956 vart byen hovudstad i det sjølvstendige Tunisia.[4]
Tunis er det store handels- og industrisenteret i Tunisia;[6] halvdelen av industrien ligg i og ikring byen. Framstilling av kjemikaliar,[6] sement,[6] konserves[6] og tekstilar er store næringar. Ei anna viktig næring er turisme,[6], mellom anna til dei helsebada som finst.[3] Frå hamnebyen La Goulette, som har samband med Tunis via ein kanal, går transportar ut i Middelhavet og vidare ut i verda. Tunis har flyplass med utlandsruter.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.