Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Al-Andalus er det arabiske namnet på dei områda av Den iberiske halvøya som var under muslimsk styre frå 711 til 1492.[1][2][3] Som geografisk område varierer derfor al-Andalus med tidsperiode. Al-Andalus er opphavet til Andalucía der det muslimsk styret varte lengst.
Arabiske og berbiske styrkar invaderte Iberia i 711 og erobra raskt mesteparten av halvøya. Unntaket var dei fattige fjellområda i nord der sjølvstendige kristne kongedøme etter kvart vart skipa. I 756 etablerte Abd al-Rahman I, ein prins av Umayyade-dynastiet, seg som emir med hovudstad i Córdoba. Under Abd al-Rahman I og etterkomarane hans hadde al-Andalus den politiske og kulturelle stordomstida si og i 929 tok Abd al-Rahman III tittelen kalif.
Hundre år seinare braut Córdoba-kalifatet saman og al-Andalus vart delt opp i fleire såkalla taifa-kongedøme. Desse var i stadig konflikt med kvarandre og vart lett bytte for dei kristne kongedømma. Den kristne Reconquista, «gjenerobringa», skaut dermed fart. Denne utviklinga vart bremsa av to invasjonar frå Marokko, først almoravidane og så almohadane, men ingen av desse dynastia klarte på sikt å ta tilbake nemneverdige område. Då Almohade-kalifatet braut saman på 1200-talet kollapsa òg al-Andalus som for det meste vart erobra av dei kristne. Berre kongedømet Granada stod att som ein siste muslimsk bastion, men måtte ofte betale tributt til Castilla. På sikt vart presset òg her for sterkt. Granada fall i 1492.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.